Seinhasutes 2017 gjekk ekstremveret «Ylva» i vilska også her i nærområda. No er det tida for å renska opp.
– Vi er i rute, seier Erland Krutnes i samvirket Allskog. Denne skogeigarorganisasjonen samordnar så godt som all verksemd frå Møre til og med Troms.
– Hemnes vart hardt ramma av stormfellinga. Her er større og mindre arael som er klappa flatt, og det gjeld alt frå gammalskog til yngre, ikkje hogstmodne teigar. Også bjørka måtte overende.
Befaringar og uttak
Mykje av vindfelt skog er på Statsskog sin grunn. Her har Allskog kontrakt på organisering av uttaket. Etter mange gangturar i området, også etter tips frå lokalkjente, har ein danna seg så nokonlunde bilde av skadeomfanget. Mest fall vart det i Tømmerhågan og ved Kyllingmoen.
– No skal vi kunna ta ut det aller meste, men det finst område i brattheng og slikt, der maskinene ikkje kjem til. Der blir vindfalla liggande. Vi kan ikkje tilrå folk å gå inn med berre sagene. Her kan vera fare både liv og helse.
Krutnes er klår på ansvaret i denne samanheng.
Så har da Allskog hyra inn entreprenørfirmaet Rune Brennhaug frå Hattfjelldal. Dei har no drive med fire maskiner og opptil seks mann i ei skiftordning, og til no er meir enn 7.000 kubikkmeter tømmer tatt ut. I tillegg er hemnesentreprenøren Skogpartner engasjert, mest hos private, og har vel dryge 1.000 kubikk framkjørt.
No står det att bra mykje i eit belte langs Anleggsvegen, og eit vrient område langs Røssåga mot Stabbforsen.
– Her vil vi gå inn og få rydda og lunna no i sommar, men ta utkjøringa på vinterføre, da mest for å spara terrenget, seier Krutnes.
Det er snakk om kanskje opptil 10.000 kubikk tilsaman.
Lite pengar i slik hogst
Fallhogst er noko ein gjer fordi ein må, ikkje fordi det er lønnsamt. Stell av skogen er viktig, og ved større område av vindfall bør virket takast ut, da det ellers er fare for insektangrep og spreiing av dette til skogen omkring.
Fallskogen frå i fjor haust var i tillegg lite høveleg, da det gjekk ut over mykje skog av god bonitet, og som ikkje var utvaksen enno.
– Det er snakk om skog som burde stå minst 20 år til, seier Krutnes. Dermed er det mest slipvirke å henta, som er lågare betalt enn skurtømmer.
Når det gjeld tilplanting, blir dette tatt allerede dette året. Til no har vårplantinga fylt mykje av arealet, og frå september vil haustplantinga gjera resten.
– Her er det norsk gran av tilpassa kvalitet som gjeld. Så har vi avtale med eit firma som hyrar polske plantargrupper. Vi har 8-10 stykker i arbeid hos oss.
Krutnes legg ellers til at skogeigarane i Hemnes var uheldig også på eit anna vis dette året. Dette kjem til syne ved sterkt brunleg og uttørka barnåler:
– Denne merkelege vinteren gav flekkvis frosttørkeskader på barskogen. Kanskje mest på furru, men også granskogen er påverka. Til no kan vi ikkje sikkert seia om alt vil koma seg over dette, men vi skal følga med, og tilrå skogeigarane kva som bør gjerast seinare.