Fleir enn 30 frammøtte på årsmøtet i Hemnes historielag vitnar om stor interesse.
I etterkant av møtet kan ledar Esther V. Ødegård slå fast at laget si drift siste året var vellykka. Sjølve årsmøtesakene gjekk greitt unna, også valga, der heile styret tok attvalg. Økonomien er ved god helse, sjøl om 2017 var eit slags inntekstmessig «mellomår», utan årbok.
– No er årbokskrivarane i full gang med 2018-utgava, der Dag Brygfjell er koordinator og utgivar.
Boka vil kunna bli ei bra julegave dette året, seier Esther.
Ho vedgår at dei no drygt 200 medlemmane i laget held ein heller høg gjennomsnittsalder, og ser fram til at yngre personar går inn i laget, og gjerne i styre og stell.
– Vi treng skrivarar også, såvel til årboka som medlemsbladet «Rotfeste». Her kjem neste nummer i juni. Har du ei god historie, eller kanskje eit bilete, så ta kontakt.
Esther nemner ellers at fremste tilstelninga siste året var å få vera teknisk arrangør ved tildeling av Kongens fortjenestemedalje.
– Ei stor og viktig hending for kommunen, laget og for ein av dei mest produktive innan lokal historieskriving: Harald Brygfjell. Og han driv på mest kvar dag enno, sjøl i «godt vaksen» alder.
Eit vellykka innslag i møtet stod Terje Nygård for, da kan viste eit knippe historiske bilete. Folk i salen let seg engasjera, og her vart gitt opplysningar og kommentarar. Dette gav meirsmak, og til hausten vil det sannsynleg bli halde eit temamøte med bileteframvisning.