Årsmøte i foreninga Klemetspelet er akkurat halde. Nytt styre er på plass, men utan den viktige stillinga som leder.
Foreninga Klemetspelet vart starta i 2011, og er den formelle eigar og drivar av Klemetspelet. 15 av dei 35 registrerte medlemane var tilstades på årsmøtet for 2017.
Styreledar Inger Lise Pettersen gjorde greie for styret si oppsummering av dei faktiske hendingane med Klemetspelet 2017 og Jamtjordmartnan. Som vel er kjent vart alle tilstelningane gjennomført på svært god måte, med eit publikumstal på 3000 for sjølve spelet. Tilbakemeldingane frå martnan var likeeins rosande.
Regnskapsmessig viste spelet eit overskot på snaut 130.000. Inntektene var høgare enn ved dei førre spela, men så måtte det investerast meir i scene/arena og tekniske saker ved elektrisk straum og nett-tilgang. Dette reduserte det pengemessige overskotet.
2018 og framover
Årsmøtet fekk lagt fram for seg plan for mellomåret 2018, og med det som ein overgang til nytt arrangementsår 2019.
Her vart to saker diskutert mest: Utviklinga av eigarforeninga, og ei nødvendig ny organisering i ledelsa av foreninga og spelet. Fleire interessante tankar kom fram.
Ved punktet valg av tillitspersonar kom det fram at det ikkje hadde lykkast valgkomiteen å finna ny ledar. Årsmøtet vedtok da at sittande ledar Inger Lise Pettersen blir konstituert fram til ekstraordinært årsmøte innan utgangen av mai månad, der det i tillegg til valg av ny ledar også blir lagt fram eit forslag til delt organisering i ledelsa.
Årsmøtet gjorde ellers disse valga:
Styret: Merete Mattson (sittande 1 år)
Frigg Valla (sittande 1 år)
Jenny Sofie Kjemhei Larsen ( ny 2 år)
Otto Jonny Derås ( ny 2 år)
vara: Bjørn Einar Valla ( 1 år)
Markus Johansen Øren ( 1 år)
revisorar: Ketil Levang ( 1 år)
Grethe Lillemo ( 1 år)
valgkomite: Helen Thonhaugen ( 1 år)
Kjell Joar Petersen-Øverleir ( 2 år )
Sissel Marie Grøttbø ( 3 år)