Jegeren blir brått meir vaktsam. Han rettar ryggen og legg hagla mot skuldra. Straks framfor han har bretonen «Sirkka» stivna i stand.
Ein fin solskinsdag i februar, mot slutten av vinterjakta, har Jostein Vikaune nok ein gong tatt med hund og børse opp i Vesterfjellet. Det finnest framleis ryper som lar seg finna.
Småviltperiode
Enno litt frampå 1990-talet kunne ein vera nokså sikker på eit fugl eller tre i sekken ved å trø rundt i området mot Rundtinden, eller enda lenger sør. Jostein, som er trønder oppvaksen på Austlandet, utvandra til Finnmark i sitt arbeid hos vegvesenet, men hamna etter kvart på Helgeland og slo seg ned i Korgen med familien. Han var vant til jakt alt frå ungdomsåra, og dette med vinterjakta drog i han som noko særleg spennande.
– No har eg deltatt i haustjakta også, men det var mykje styr. Alltid folk og hundar i hopetal dei første par vekene. Ufredeleg og ikkje den jakta som eg såg fram til.
Frå tidleg 80-tal og framover vart det mange turar tidleg på etterjulsvinteren, mest i statsområda; lange dagar på skareføre eller i djupsnø, stille eller vind, sol eller gråver. Og fugl fanst det bra om i denne perioden. Det fall mange liryper, og ein del fjellryper også.
Hund er nyttig
Jegeren Jostein jaktar mest med hund. Det har blitt fleire no etter tre dryge tiår i hemnesmarkene.
«Sirkka» var vel nummer to i rekka her: Ein god venn og stødig medhjelpar.
– «Sirkka» var ein av dei beste. Litt utålmodig i starten, men fann sin stil, og instinktet drog den heilt inn i jaktverdenen.
Jostein fortel om ein gong dei var to jegera i lag, og han leidde i «Sirka» i band. Litt smått var det med fugl i førstninga, og dei hadde avtalt stans og kaffepause. Da tok hunden stand..
– Ho stod som ein spiker. Eg hadde enno bandet på, og vi tok ein heller kort pause. Ho rørte seg ikkje, og ingenting rørte seg i den retninga ho peika. Så gjorde vi klart, og eg løysna bandet, hagla i stilling. Da tok ho nokre steg framover, og opp flaug rypa.
Februardagen i 1995
Ein framifrå verdag. Jostein setter fellene under skia, mens «Sirkka» snusar ikring der dei går frå bilen og opp lia frå Storskogen ved Stormyrbassenget. Snart er dei ovafor granskogen og i jaktterrenget. Myrvidder og slake bjørkelier. Vierkratt i små dalføre. Hunden er snarføtt der den fyk avgårde i store sløyfer. Jegeren sjøl går roleg, stoppar ofte, ser seg godt om. Han er kjent i området etter mange turar før. Når det nærmar seg stader dei før har sett, eller også skote fugl, blir terrenget granska svært nøye. Så trass i at «Sirkka» skal gjera grovarbeidet, må han med hagla legga si erfaring inn i jaktdagen.
Snølaget er meir ujamt høgre oppe, mot skoggrensa. Her er silkeføre i lesidene, men skavlete og småleitt der vinden har stroke over. Hunden har sine vanskar med dette, men skijegeren flyt fint oppå.
Eit par timar går slik, og det er tid for ein stans, eit lite bål, ei brødskive. «Sirkka» er ikkje heilt klar for å ta pause enno, men kjem borttil når Jostein lokkar. Litt småprat, klø bakom øyra.
Mann og hund er gode venner, og jamstilte partar i jakta.
Blir det fugl?
Dei streifar videre, og ved Antontjønna er det ein del spor i krattet. Ryper held til her. Hunden blir ekstra ivrig, det blir meir fart, men også oftare stopp, og nasen arbeider. Så står den og peikar. Hagla kjem i stilling. Jostein står støtt på felleskia, tar smått eit par steg framover. Nokre til. No da?
Jau! Der løsnar det i snøen, og opp sprett ein kvit kropp som vil fara mellom bjørkene og vekk.Men nei. Det går ikkje, for ein sverm av små blykorn er på veg. Og brått er det mørkt i rypeverdenen.
«Sirkka» skjelv av spenning, og når Jostein gir signalet, stormar ho fram dit rypa fall, tar den i kjeften og kjem så stolt med byttet bort til jegeren. No vankar det klapp og godord. Hunden er svært glad, det synest på all framferd.
Med denne fuglen i sekken går jakta vidare, men timane har gått og dagen er på hell. Det blir ikkje meir denne gongen.
Nedgang i småvilttalet?
I dag er Josten framleis jeger, men det er elg som gjeld no. Slik har det vori i mange år.
– Ikkje hatt hagla ute på to år.. Haustjakt blir det ikkje, og vinterjakta held eg meg og unna. Det er, så langt eg kan sjå, ein urovekkande nedgang i rypebestanden. Kan henda for annan skogsfugl også, for den del. Årsakene er sikkert fleire. Likevel: For hard jakt har i alle fall ikkje bedra situasjonen. No har det faktisk skjedd at det er sett dagskvoter, som vil bety grenser for uttak. Dette kan vera eit steg på rett veg, meiner Jostein Vikaune.