Ikkje alle julegraner er henta i nærskogen, eller oppvaksne i edelplantasjen.
Storparten av «levande» juletre er nok framleis ei ung gran frå ein skog her i distriktet. Men også veldreide og penvaksne pynte-tre blir kjøpt inn frå storprodusentar sørpå, ja, gjerne heilt frå Danmark. Ellers er det vel også ein veksande marknad for plast-tre; lettvint og greit.
Fallskog
No er det slik at julegrana er øvste delen av eit tre, og mange slike toppar ligg att etter hogst, eller ferdig til kapping frå eit vindfall. Tidleg i adventa gjekk det ein tilsynstur til farsgarden i Namdalen, like sør for fylkesgrensa, naboar til bindalingane. Her var enno berr mark, så det vart ein inspeksjon langs jordene også. Den ilskne «Ylva» hadde nokre dagar i førevegen lagt hardhanda til: Fleire tre på utsette stader hadde bikka overende. Rotvelt, for det meste. I eit plantefelt frå 1950-åra, tett ved slåttemarka den gongen, låg to velvaksne graner flatt utover. Her måtte gjerast noko.
Grantopp
Så viste det seg at toppen på den eine grana såg så tettvaksen og fin ut. Den vart kappa av i høveleg julegranlengde. Reist opp stod den fram som barfrisk, rettnok litt asymmetrisk, men med greiner peikande oppover: Eit tegn på framtidstru. Det vart så denne toppen hamna på takstativet og kjørt nordover til Korgen.
Vel inne i stua tett før jul tok den seg bra ut, og da det viste seg at den tok til seg drikke også, slik trønderar har for vane, ville lagnaden at den skulle bli juletreet dette året.
Innimellom pynt og lys er baret tett, her har nok vori skjul for mangt eit ekorn på rømming for måren.
Sjølve trøndertreet blir sikkert til ved, mens denne velforma toppen vart til den eldste julegrana i dette huset, dryge 60 år.