Hovdingane Løve Jann og Geir Vågale kom ofte i strid. Dei langa kraftig ut mot kvarandre i striden om kvar flygande farkostar skulle lande. Hærpilane gjekk tett og spitorda hagla. Etter kvart såg det ut til at Geir fekk inn dei beste treffa. No gjekk Løve- Jann berre og mulla, tala i tunger og spytta beiske kvad mot alt som var nord for Korgberget.
Berre eitt sottesengsete
Kvada vart ikkje mildare då sottehovdingen nord i Tromsøyar sa at det skulle vera berre eitt sete for sottesenger søe i Håløygar, ikkje tre slik som no. Hovdingane rundt om var snøgge til å kvesse sverda sine. Dei visste at snart ville himmelen svartne. Løve Jann hadde sår som enno ikkje var i grodd etter luftfararstriden, og han skjøna at han ville få fleire om han yppa seg åleine. Noko skamfaren var han både i hugen og kroppen. «Er du halt, kan du rida og handlaus gjeta,» kvad han, men han kjende at han måtte skaffe seg vener.
I Vesterveg
Han for i Vesterveg og slo hjelmen sin i lag med hovdingane i Sandnes og Torgar. Saman skulle dei knuse Geir Vågale, for dei visste at snart kom han over fjellet. Løve Jann fekk bera over med at Sandnes fekk setet. Slik tenkte han.
Det ikkje Løve Jann visste, var at Geir Vågale meinte det beste ville vera to seter for dei i sotteseng, eitt på Sandnes og eitt inst i Ranfjorden.
Men då greip Tromsøyarhovdingen inn. Han slo i bordet og kvad: « Strid kan det bli, men ikkje no. Vi skal greie ut seks, ikkje to».
Christine kjem inn på valen
Då skein Christine Førstemøy opp. No kunne hennar fylking og bli med. Ho meinte at Bjerkastrond kunne høve. Ho sa det ikkje så høgt enno, for no skulle alt greiast ut utan våpen og skjold. Dette var noko uvant for mange, men dei tagde.
Tida gjekk og runedungane vart større og større. Då lyfta brått ein av småtrælane sverdet og kvad: « Christine sin fylking er berre tull. På henne har vi bruka nok gull!» Storhovdingen i nord kvad då morskt : «No får du halde fred, alle seks skal vera med». Då vart trælen så snurt at han for vekk og er ute or soga.
Brorskap i naud
Løve Jann og Geir Vågale skjøna no at jamen kunne Christine vinne heile striden der ho gjekk med Brisingamenet sitt og rødde med alle. Dette var det einaste dei var samde om. Geir ottast at korkje hans stad eller Sandnes ville veljast. Han tenkte at no måtte han ha Løve Jann med seg. Christine måtte or vegen, så skulle han få ein lett siger etterpå. Han sala opp hesten sin og for over fjella til Løve Jann. «Farleg er ho, Christine dros. Ho må vekk, bli til mos,» kvad han og tykte vel om kvadet sitt.
Løve Jann skjøna at han gjekk mot eit nytt tap om han ikkje støtta Geir Vågale. Christine kunne vinne alt. Det var ikkje det han tenkte då han slo seg saman med sjøsiværingane. «Klok tale, rett du har, sprengjast må ho, eg er klar,» kvad Løve Jann og drog gammalt blod frå sverdet sitt. Himmelen mørkna over Øyberget.
Spitord
Christina skjøna at det var noko mellom Løve Jann og Geir Vågale. Dei var snarare til å snerre etter henne enn mot kvarandre. Staden hennar låg så midt i storfylkingen det var råd å koma. « På timen når vi aller flest, Bjerkastrond er aller best,» kvad ho og hånlo mot dei nye venene.
Det skulle ho ikkje ha gjort, for Geir Vågale spratt opp og svinga med sverdet. «Berre fjottord, ikkje til å tru, der får du ingen til å bu!» kvad han med ofse i røysta. Han meinte at audt land var for jordtrælar, ikkje for pilletrillarfolka. Løve Jann nikka bryskt og gjorde våpengny. Han visste at mennene i Borgarsysselet og Borgund hadde lagt sottesengene sine utom kaupangane der dei fleste budde. Der vart lite strid etter det. I Svitjod hadde dei gjort det same. Slik måtte det ikkje verta her.
«Betre med oss enn at ein av dykk får. Da blir det rettvist og like kår», kvad Christine, men no var det ingen nidflir. Ho skjøna at dei hadde fått nye tankar under hjelmane sine.
Ofsen la seg fort, men alle skjøna at etter Midtvinterblotet kom nok sverda fram att. Kva det nye året ville gje, var det stor uvisse om.