Snøen hadde lagt, fjella var kvite, og trea hong med tunge greiner i liene. På soldagar var fjella som gull. Dei viste at snart kom sola til dals att, og dagane ville bli lengre.
Før kvart Midtvinterblot måtte Christine strida mot Stat Kraft.. Kvart år ville han ha meir til Siv Gullmøy i Vika. Ho hadde godt tak i brynjekragen hans. Dette året måtte ho og slåss mot sine eigne, fremst då mot Jarn Erna. Dei i Vika ville visst ikkje at det skulle bu folk så langt mot Polarkrinsen. Gullsekken til fylkingen måtte ordnast no, same kor ille det såg ut. Først då kunne ho som Førstemøy ta av seg Brisingamenet og strekkje ut føtene heime på Troarneset.
Sud i fjellom
I Lia rauk det godt frå holene rundt om. Snart skulle all godmaten smakast og bli til vomfyll . Møyene hasta frå omn til omn.
Marianne Busse dreiv med sitt. Ho frakta ynglingar til og frå lærestadene og gamlingar til handlebuene. Ho lika å gjera dei til lags. Strikkemøyene og knivtrælane hadde fått seld alt dei hadde laga under gjestebodet på Haugkarihola, og alt var slik det skulle vera før Midtvinterblotet. Torbjørn Utigard, som no hadde gått over på gamalmannsløn, stelte med bumanns-skattane han hadde gøymd i årestova si.
Ved Avasjøen hadde Arvid Fangar teke inn saksene sine, og skinna hong så fine på bursveggen. No skulle han ha fritt til sola hadde snudd.
Men fritt fekk ikkje Stat Kraft der. Så snart det vart kalden seig på, la is seg i trongstengslene for vatnet. Trælane hans Kraft fekk harde dagar med å tine dei opp, og det enda alt var så nytt og gjevt, påkosta gull i haugevis.
På Bjurflata hadde Motor Cross bygd opp ei leikarstove. Den var for dei som lika durande farkostar. Mange ynglingar hadde leika seg der heile sommaren No var det stille. Alle venta på at Belte Skut skulle dra i gang doningen sin.
I Bryggedal var Arvid Lurblåsar kome til gards etter lange reiser mot sud og nord. Midvinterblotet skulle haldast der han hadde setet sitt. Slik hadde det vore, og slik skulle det bli. Helse Dag Brygge, høgare opp i dalen, sleit med gamle runer om handel og vandel. Snart fekk nok alle sjå runene om kva han dreiv med i borga si.
Korggryta
Spreke Lise hadde det annsamt. Ho hadde fått Spelet om Klemet i Krokan vel i hamn. Der hadde stor åtgaum kome for framifrå verk. Ho fekk samla fleire tusen nyfikne på åkrane til Eivind Jamt og Arnfinn Brende. Hirda hennar var på over to hundre for å greie dette. Spelplassen gjekk det nysn om heilt til sudlanda. Einar Snekre sitt framifrå verk med buene sytte for stor heider i tømrarlauga alt frå Miklagard til Anglarriket.
Årshjula er runde
I Korgradioen feira dei at ljodvarpen hadde lydd i heile 35 vintrar. Det var ikkje få meldingar og nyhende frå heile fylkingen som hadde vorte sendt ut til holene rundt om desse åra. Storhovdingen, Dab Dryge, prøvde å hærta Korgradioen, men dei valde og halda seg til gamalhovdingen, Æff Æmm.
I stova til Knut Skrivar ville dei og tømme mjødkrus. Dei hadde levd i fem år. Då Knut såg seg attover, vart han så hugteken at augo seig i hop. Han måtte sendast heilt til Tromsøyar for å få dei opp att. Gjestebodet vart difor utsett til etter solkverv. Det vart ein stri jobb for Camilla Ljose å halde skrivstova gangande då Knut låg med bind for augo nordom Polarkrinsen. Men ho nytausa greidde runerissinga utan misstak.
Ungfolk gjer karsverk
Ynglingane ved lærestaden i Korggryta hadde kvart år hovdingen, Lego Lig, på vitjing. Det var tiande året denne gongen. Sjølv om lærestaden deira brann opp året før, greide dei å få til fleire gode løysingar som det gjekk gjetord om langt ut or fylkingen.
To ynglingar, Tobias og Simen Kamme, hadde høyrt alt skrytet om bakarmøyane i Lia. No sette seg føre å steike tusen kamkaker frå ein daggry til neste. Det heldt hardt. Mødesamt arbeid tok på. Likevel, tusen kaker med kular på låg klar på loftgolvet da varmen gjekk or omnen. Og dei var minst like framifrå bakasveinar som møyane i Lia.
Det fæle landlaupet
Verre vart det for Vegard og Lena Landlaup. Dei hadde teke sete på ei høgd austom Svortmark. Men no høvde det slik at jotnen Terre Ras var i vondlage. Ei natt etter mykje væte glefsa han i seg mykje av bakken utfor setet deira i Røyrdalen. Att stod hovudbolet og farkosthola, men så nær landlaupet at dei vart senda derifrå for å sova annanstad. Dei to ungfolka hadde tømt fleire gullsekkar for å få setet sitt slik dei ville. På ei natt hadde dei mista alt. Kven ville så hjelpa dei i deira naud? Ikkje fylkingen som hadde sagt at dei kunne bu der. Ikkje samskipnaden som hadde sikra huset deira. Ikkje dei sud i Vika som brukte å stø trælar som kom ut for naturofse. Etter ei tid opna Christine likevel gullsekken sin og gav dei såpass at dei fekk rive hola si. Men ikkje mykje. Alle meinte at Christine var altfor gneten. Ja, så gneten var ho at dei to ungfolka no ser etter ei hole i ein annan fylking, Jarnsmiarstad i Ranfjordbotn.
Kaup, sandsaup og App Trimme
Noko handfallen vart og Ingrid Kop på Nybua, då Christine Førstemøy snudde henne ryggen og reid til Jarnsmiarstad for å gjera kaup. Førstemøya hadde synt slik open fagnad den dagen bua opna. At det skulle bli slik kunne ikkje Ingrid tenkt seg.
På Bjerkastrond tykte Asbjørn Mørtel at no var det nok for hans del. Sjøl med gamalmannsløn hadde han blanda i hop bindeverk i mange år. No sleppte han spaden og gav styringa med blandegryta til sonen og sonen hans att.
No på haustparten hadde storspingar AnnMari Ure fått rolege dagar. Ho hadde heile sommaren fare frå fjell til fjell og sanka heider. Hovdingen, App Trimme, hadde lagt ut åte i marka. Han lura trælar og bumenn til å fara lange ferder. Slik heldt dei kroppane i god stand, utan å vita det. Ingen gjekk etter åta med slik djervskap som AnnMari. Ho var fremst i gullstriden, og trass ein utsliten skank, gjekk ho no berre og venta på vårløysinga, slik at App Trimme kunne kome på vitjing att.
I Bjørkdal vart det drukke mykje mjød dette året. Dei heldt livlege Julspel fyrst, men dei rakk berre så vidt å fylle opp kaggane sine før dei møttest på nytt og var glade for at lauget deira hadde levd i hundre år. Gjev gaman og livleg leik.
Meir mollstemt var det hos Viggo Mottak og dottera MariAnn. Frå Vika kom ikkje fleire ynglingar frå sudlanda til dei. Dei måtte difor sette stengslene for hola dei leigde ut og tente gull på, og finne seg anna syssel.
Heimoddhendingar
På Berget hadde trælane knapt fått føtene på marka etter at ballgutane deira med ein stor siger kunne gle seg til nye og hardare kampar komande år. Det var så stor ein bragd at dei fekk reise helt til Nidaros der ballhovdingen, Ros Borge, hadde hovudsetet sitt. Der fekk dei sjå korleis det kan gå til å bli endå betre i ball-leik. Glade gutar kom heim til Berget og berre venta på solsnu, slik at dei kunne starte øvinga til nye stridar.
Vel nøgd var bergfolket og etter vitjinga til luringen,Tekno Gik. Han fekk ynglingar frå heile fylkingen til å finna på noko som ingen hadde tenkt før, og lage noko som ingen hadde laga før. Tekno vart vel omtykt. Marit Skapar og Marianne Tenke fekk han hit. Til års er han attende her, skal ein tru utsegner frå Amundborg. «Åra som kjem, er viktigast. Det må slåast grundig fast,» kvad dei og hadde god tru på at fylkingen til Christine kunne bli ein spanande stad å byggje seg hole i.
Glede greidde Bangdrøsene å spreia. Dei kakla, jodla, spela, song og flira så alle som høyrde på, drog smilen langt over øyra. « Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad,» kvad dei. Heile fylkingen tykte vel om å høyra røystene dei.
Stolhovdingen, Enge Vik, let unge krigarar leige hola hans til øving og kroppsstyrking. Mange gode sverdsvingarar skulle no betra sine hogg her. Svein Hjerpe, hovdingen for den nye stolsmia, drog heilt til Svitjod for å vise fram sine sitjebenkar. Han fekk mykje åtgaum for reisa si. Gull i sekken vart det og.
Steinar Knarrbyggjar skipa eit eige byggjarlag. Han var ikkje skremt, sjølv om han kvelva i Sudfjorden same året. Knarrsoga måtte og dyrkast. « Om du til Skuld skal komma, trengs Urds tale i lomma,» kvad han. Mange vart med i knarrbyggjarhirda. Det vart og rissa runer om knarrsoga i fylkingen. Gamalhovdingen, Harald Meie frå Korggryta, var og med på det.
Etter at Jul på Berget hadde vitja dei, tok alle til å sjå fram mot solsnu og eit nytt årshjul. Berre Tore Teiknar heldt fram som før. Han fortalde om alt som hende i Jarnhola og om Hugin og Munin sine frendar på fuglebrettet. Mange tykte vel om dette. Ikkje ein dag måtte gry utan at dei visste kva for fjørkre som hadde ete frøa hans.
Sudfjorden stivna i kalden. Issnerk spreidde seg utover vassflata. Tvertforlandet låg dørgstilt. Sola kom ikkje over Seltaggen lenger. Ute mot havet hasta jarnkoggane att og fram frå Jarnsmiarstad. Inne i fylkingen til Christine Førstemøy var alt klart til Midtvinterblot.