Leirdalen er ein noko trong dal som strekk seg ut frå Olderstad opp mot Okstoppane i aust. Etter at Rabothola var bygd og Spelet om Klemet i Krokan vart sett opp, auka det på med farfuglar som for både på fire og to opp dalen.
Dette tykte jordtrælane der lite om. Ja, ferdsla var så stor at det fauk støv på gluggane i holene deira, og når dei skulle nyta sola dei få månadene den var der, vart det berre skit og rammel frå alle farkostane. Nei dette måtte det bli ein slutt på. Dei ville ha vegen for seg sjølv, endå dei visste at Store Fylke og storhovdingen, Stat Veg, heldt den i stand og fekk snøen vekk om vinteren.
Ingvar Stake
Ingvar Stake heitte ein av jordtrælane øvst i dalen. No var han på gammalmannsløn, så han hadde god tid. Han vart kalla Stake av di at han var overmåte god på ski. Han hadde staka seg til mange krukker og mykje heider i fleire fylkingar. Ja, ein skikkeleg kløppar var han. Men så var han og imot å sette opp små tavler som viste kvar dei farande var og kva som hadde skjedd der dei stod. Han meinte det var nok med stakar som viste vegen vidare for å få dei fortast mogleg vekk.
Holer og humpar
Ingvar kjende seg arg på alle som for etter vegen, så han rådspurde seg med mange av jordtrælane nedover dalen om kva som kunne gjerast. Han gjekk og til Christine Førstemøy og sa kor lite nøgde dei var. Ho nikka og skjøna kva dei meinte. Så for jordtrælane frå gard til gard og fekk sett bumerket deira rissa inn på runesteinen. Flokken vart stor. Ja , så mange vart dei at runene vart sende til både Christine Førstemøy i Amundborga og Store Fylke i Bodøyar. Dei skjøna at ikkje var råket berre for dei langvegsfarande, men og for dei stakkars trælane der i dalom.
«Omveg er jamt til utrygg ven, om midt i bygda han bur. Men beinvegar går til den gode venen, om han er langt av lei,» kvad dei, «men vi kjem ingen vegar.» Særleg ille var tilhøva når vinterfrosten sleppte i bakkane. Hola var mange og humpane låg tett.
Klar til strid
Mange kvesste sverda sine etter dette kvadet. Dei skjøna at no vart det strid. Stat Veg kom til dalen for å gjera seg kjend. Jordtrælar i dårleg lune hadde han røynd mange gonger før, og det ville han helst ikkje ha oppatt. Han undra seg mykje over kva han kunne gjere. Ingvar Stake og fleire var med og synte han tuna oppover. Dei låg tett inntil råka, så han skjøna kvifor trælane der slo på brynjene sine. Christine samla flokken sin og bad om råd. Ho ville helst at fleire farande skulle koma til. Dei la att gull , og det var det mange som trong. «Strid blir det nok, eg er litt valen. Mørke skyer over heile dalen,» kvad ho. Men stogge farfuglane ville ho ikkje. Alle skulle bli tatt godt imot i fylkingen hennar.
Striden på Strond
Dei var samde om å møtast, same kor mange hogg som kom. Valplassen vart Leirstrond, på lag midt i dalen. Mange kom dit. Alle hadde kvesst sverda sine, og vilje til å hogge mangla det heller ikkje på.
Stat Veg hadde tatt med dei djervaste krigarane sine. Dei hadde kunnskap om råkbygging og tavler. Ingen kunne stogge han i slikt, det var han viss på. Det gjaldt berre å få inn dei rette hogga når bondehæren kom. Han visste dei var mange fleire, og at sinnet i dei satt fast i hjelmen. Og då var det ikkje langt fram til hoggarhanda.
Så kom bondehæren. Våpna var kvesste, augo olme og ryggane bratte. Fremst gjekk Ingvar Stake og Rune Trette. Rune var rekna som slagkvass når han tok etter sverdet. Charles Gruse hadde og teke på seg brynja denne dagen.
Frå Amundborga kom dei beste mennene som der heldt til. Christine Førstemøy var og med. Ho hadde både brynje og kjortel på seg. Brisingamenet var heime denne dagen. Heile valplassen var full av hærmenn, bumenn og møyer. Durmollsbekken gjekk i moll, skyene svartna over Hestberget, og det osa ein eim av sveitte før slaget tok til.
Stat Veg sine menn tok først ordet: « Kjennskap må alle ha til reglar og lov. Den saka er klar,» kvad ein av dei. Stat Veg tykte godt om kvadet hans. Og så la han ut om tavler, veiter og reglar. Berre tre tun kunne merkjast med tavler og få farten sett ned. Det vart så mange ord at fleire bumenn rista på hjelmen . Stat Veg skjøna visst ikkje at det var dei farande dei ville få færre av. Då han var ferdig, var det mange som slo på skjolda sine. Kvada hans nådde ikkje fram. « No må du lye. Høyr på oss. Du berre pratar som ein foss,» kvad ein av trælane på valplassen. Det vart våpengny og hærrop etter kvadet. Ord tok ord, augekasta var bråe, og mange løyste opp slirene til sverda sine.
Rune Trette sa at heile råket var rasert av store doningar. Den må rettast opp att. « Ikkje nok med svart grus. Grunnen må betrast. Da blir det sus,» kvad han. Mange tykte vel om kvadet hans og slo på skjolda sine. Da var det ein i trælflokken som tenkte på at dei hadde store doningar sjølve, så dei kunne få ein del av skulda. Han kvad difor: « Rabothola si skuld så menn, slutt og gjera den så kjend.» Då spratt Amund Rådlaus fram og kvad: « Då Rabothola kom, gjekk det nysn over heile kringla heimsins. Feis Bukk , SAS og mange andre gav den mykje åtgaum. Lite gjer det om vi sluttar.» Kvadet hans gjekk ikkje på rim, men mange der tykte vel om det han sa. Det gjorde ikkje jordtrælane. Dei hogg til og kvad: « Vil ikkje du, vil ikkje vi. Rabothola er eit svineri!» Valplassen koka. Håkon Øk, som var ein av dei beste mennene til Amund, fekk han bakom skjoldet sitt og kvad: « Ille det er å få dei på lag, ikkje klopper, ikkje dass. Motbøra frå dei er veldig krass.» Då svartna himmelen og Tor buldra med bukkane sine i fjella. Det gneistra i alle augene som var der, og en kvad: « Dårleg tale, Håkon Øk. Vonar at det var ein spøk.»
Stat Veg tykte vel om striden mellom mennene i fylkingen. Det gav han tid til å tenkje seg om. Ikkje ville han love nokon ting. Ikkje ville han øydelegge det dårlege tilhøvet som no synte seg så klårt. Han heldt seg heilt i ro.
Christine Førstemøy såg at no var det best at møtet fekk ein ende. « Striden er over. Ingen vann. Må tenkje oss om, alle mann.» Slik vart det. Tause for alle til sitt.
Knut Skrivar for rett til skrivestova si. Han hadde fått mykje å rita om, for mangt som vart sagt, nådde ikkje fram nokon veg.
Haust i råket
Stat Veg fekk vist at han hadde meir enn ein kjeft. Han hadde to øyrer og. Om han sa lite mot slutten, hadde han fått med seg alt som vart sagt. Fleire av mennene hans kom til dalen og sette opp tavle etter tavle. Desse synte kor stor fart doningane kunne ha, kvar tuna kom og kvar kryssande veiter kom på råket. Og jamen la han noko svart grus i dei verste hola oppetter og.
Stilla la seg over dalen. Enno skein sola i Okstoppane, og mange farfuglar for til Rabothola. Men no gjekk alt rolegare. Soga seier at kan henda var det jordtrælane sjølve som hadde mest bråttom oppetter dalen.