Christine Førstemøy trødde att og fram i Amundborg. Det gjekk mot eit nytt Midtvinterblot. Ho såg attende på kva som hadde gått føre seg i fylkingen hennar siste året. Årshjulet rulla så snøgt. Ho var tolleg nøgd med hendingane ho sjølv rådde med. Verre var det med det som dei fæle jotnane hadde laga til av skade. Utfallet i Brendmodalane var ofseleg. Ungfolk måtte røma hola si.
Liksamt såg ho fram til nokre rolege dagar på Troarnes saman med husbonden Morten Ljosmanke og heimeflokken deira.
Bergnytt
Ute på Berget, ytst i Sudfjorden, var dei så nøgde med nyveita som Røstadkarane frå vollane kring Stiklestad hadde laga, at enno gjekk dei att og fram og såg kor vakkert alt hadde vorte.
Mannskitstriden hadde og fått ein ende dei var nøgde med. No vart det korkje lukt eller vatn med dårleg smak. Alt var pakka inn i jordrør og vakre holer. Nokre meinte likevel at sjølve Hovudbolet peikte seg vel mykje til himmels, der det låg ut mot Hamnesteinane.
Og Harald Bresprekk som skulle passe gullet, tykte altfor mykje vart teke or sekken.
Gamalmannsløn
Pilletrillaren, Trond Røsse, hadde gått over på gamalmannsløn. Eit heilt liv hadde han stelt med trælar på sotteseng og fått dei friske. No skulle han bruke meir av tida si på Storlapphellaren og hola si ved vatnet som hadde same navn som han: Røssestrond. Storhovdingen Glas-Odd i Sjåglasmia, gjorde som Trond. Andre kunne få styre trælane hans. No ville han trø på hjuldoningen sin og snu dagane berre etter eige hovud.
Tvertforlandet
Men enno var himmelen svart over Tvertforlandet. Storpramstriden var over, men ikkje sårskadene folk fekk. Store Fylke skulle blidgjera jordtrælane der med ein mindre pram. Den hånflira dei av og snudde han ryggen. Då tok Store Fylke også den vekk. «Du tok pramen vår vekk. Banesår vi fekk,» kvad dei som budde der. Betre vart det heller ikkje den dagen då alt ljos kvarv og holene låg i mørker.
Storbåtvelten
Steinar Knarrbyggjar og flokken hans hadde bygd ein åttring, og var svært nøgde med den. Storbåten – «Hemnes» – tok dei heilt til Breivika og viste den til Arktikk Reis året før. Dei fekk mykje åtgaum for det dei hadde gjort. No skulle dei fara strondlangs og syna seg fram.
Vel ute på fjorden med god bør ein kveld kom der ein ofseleg kastvind. Åttringen stod ikkje mot med full seglføring. Han la seg på sida og gjekk rundt. Åttringfolka havna brått i sjøen, men dei greidde etter kvart å karre seg til båten og halde seg fast slik at dei fekk puste over vassflata.
Folk på land såg kva som hende. Snøgt var dei ute og berga dei. Åttringen fekk dei og i land med at storkoggen «Remi» gjekk ut og tok tamp. Søkkvåt kvad Steinar: «Fulle segl og bråe kast, krev nok enda meir ballast». Dei slapp med skrekken. Ein vindgud som Njord i dårleg lune kan vera både mannevond og ilsken.
Finnihendingar
På Finni var det rolege dagar. Christine hadde vore der året før og lova ynglingane ny leikarstove. Laugarpøla som det ikkje vart noko av, skulle no stasast opp og kome ynglingane til gode. Alle gledde seg til dette. No skulle det bli ljos i alle gluggane,- og Finnistronda skulle lysast opp att. Enno sat det fælslege landlaupet to tiår før som ei mare i tankane på dei fleste. Ikkje var det lett å sleppa gleda laus. Rett nok hadde dei fått det godt til for koggar og hestar på nordsida av eidet. No såg dei fram til at det vart meir liv på sørsida og.
Medan stova vart sett i stand, dreiv Cato Ink med på og stasa opp trælar som ville ha runer på kroppen sin. Han rissa inn teikn og krusedullar med all slag gjeve fargar. Mange fann vegen til han, fine og nøgde vart dei.
Ynglingeleiaren ved lærestaden, Unn Svarte, vart og nøgd den dagen sjølvaste Knut Friske frå vest i Nesnar kom eins ærend og gav henne gull for å stelle med alle ynglingekroppane ute i frisk luft.
Storslakt
På Bjerkastrond enda striden mellom Amund Rådlaus og Nor Tura med grid. Christine Førstemøy grov djupt i gullsekken til Harald Bresprekk og la penningane fram for Nor. Amund var med , og Nor hugsa korleis Amund kjeppjaga Robek Harde året før. Han såg for seg ein stygg strid om han ikkje takka ja. «Gode grannar skal ha fred, nok av gull du og kjem med,» kvad Nor. Så løfta dei mjødhornet til sams og lova å køyra tospann no frametter.
Bjørkdal
Terje Mjølsekk heitte ein træl i Breivik. Han var ein djerv krigar saman med Kjell Strengleikar og Sverre Herdebrei då dei herja som verst. Så la han våpna sine vekk og byrja i staden å lange mjøl til jordtrælane rundt om.
Han ville finne ut korleis bygda hans, Bjørkdal, hadde vore før han,- og lenge før det. Han fann ut så mykje at han rissa runer om alt som hadde hendt der. Saman med Jarle Rattvriar greidde han å få det gjort. Rett før midtvinterblotet fekk alle sjå runene. Mange i dalen gøymde seg bort i holene sine for å tyde runene.
Bjørkdal var teikna i kalveskinnsboka til gagns.
Ænn Ærr Kå på vitjing
Bjerkastrond vart og mykje omtala i sommarleitet då jarnhesten som går mellom Bodøyar og Nidaros, stogga der. Storhovdingen, Ænn Ærr Kå, kom med mange hærmenn på vitjing. Han ville gjera Bjerkastrond kjend for heile riket sitt. Dei tala med både bumenn, trælar og ynglingar og viste alt på sjåarplater til dei som budde elles rundt i riket.
Christine Førstemøy stilte med Brisingamenet sitt og la ut om fylkingen sin, Elsa Trimme og Marit Skapar sørgde for at gjestane vart fora med kamkaker, medan ynglingane frå leikarstova der song og viste runeteikn på tavlene sine.
Nadia Krølle, som var ein av leiarane, kvad før jarnhesten for mot sør: «Vakkert på Bjerkastrond, kamkakelukt. Fint å vere her på tokt». No tok jarnhesten sleden vidare. Att stod mange nøgde. Stridsmenn, kvende og ynglingar vinka. Glade for dei heim til sitt.
Men ein for ikkje heim. Kåre Bør var ute på fjorden i smalknarren sin. Han viste ei tavle til jarnhestfararane der han bad frilla si, Merete Gnuar, om å kome under fellen hans og bli der i all æve. Det seiest at ho har takka ja då ho fekk dette på sjåarplata si.
Ingridbua
I Korggryta var det mykje røre. Karane til Hæhre Hopp var enno i bygda, om det gjekk mot slutten, og Ingrid Koop hadde travle dagar. Ho skulle no gjera kaupstova si større. Mange hadde kome ut or holene sine den dagen ho skulle vise fram stova. Og gild var ho. No slapp dei som handla der å gå holmgang eller knuffa borti kvarandre. Det vart så fredsælt. Ingrid var storglad og klakka med kommingane sine der ho svinga rundt om. Leiaren for laget hennar, Arnulf Røykje, var som sola. Dei hadde fått det slik dei ville. Frigg Koppe, gnuartausa ved stova, fekk samstundes stasa og opp hola si.
Snorre Kjøk fora Hæhrekarane og andre som var på gjesting. Han tykte vel om Ingridbua, og fekk vølt veitslestova si både ute og inne.
Våpengny
Oppstanden etter Arktikk Reis vitjinga året før hadde lagt seg. Dei suraste tingmennene fekk sagt at å bruke så mykje gull på ei trøartevling, førte fylkingen mot eit ragnarok. Dei slo på brynjene sine. Christine vart ikkje skræmd av dei. Det var som å ause vatn på gåsa. Men det heldt hardt, sverda var or slirene alt til siste tingdagane før solkverv.
Røssåa
Ja, vassfugl var det nok av i åa som rann gjennom Korggryta. Greta Grein og hirda hennar hadde ala opp fleire hundre småender. Desse selde ho for penningar til bumenn og andre som ville sjå om ikkje nett deira and kom først ned frå utsleppet og ned til Olderstad. Greta hadde fått navnet sitt av di ho greina med så mykje og fekk til så mangt.
No var hengekloppa over åa full av trælar, ynglingar og bumenn. Dei skreik til Odin og alle andre i gudeheimen om at deira and måtte koma ned først. Spanande vart det. Og mest spanande da endene skulle samlast inn. Det vart plasking frå koggane som håva dei inn, og lått og spitord frå kloppa. Dei kom langt ned i åa før alle vart berga. Berre ei and lura seg vekk. Den finn nok Jan Fugleven frå Aurmo, der han sit med sjåarglaset sitt.
I åa hadde dei no fått has på Gyro Storetar, så Gry Campe og venene hennar var spente på om laksen ville kome attende til åa og bite på åtene deira. Dei hadde god tru. Gry hadde fått laga vegar langs åa, og buene hennar var nyvaska til fangstmennene kom. «Såpereint og gyrofritt. Berre kom og ta ein titt,» kvad ho og kasta ei lokkeåte i åa.
I øvre enden av vegen frå Gry, låg Svartpøla. Der hadde Ketil Svarte i si tid gjort det karstykket å snu ein storkogg med kjølen opp. Etter det fekk han lurblåsarar og dansarar til å vise seg fram under koggen. Han fekk navnet Svarte etter dette, sjøl om han var aldri så ljos i manken. Svartpøla fekk mykje åtgaum. Mindre vart det ikkje etter at det vart vegar rundt pøla og leikestader for ynglingane. Mange lika seg godt der. «Svartpøla er god å ha, den gjer mange småfolk glad,» kvad Ketil.
Liahende
Oppe i Lia styrde dei for fullt mot midtvinterblotet. Dei hadde knapt svelgd siste mjødkoppen etter at Kultur Arv var der og stasa dei opp med Olavsrosa, før dei fylte opp att kaggane til nytt blot. Attåt øl og mjød høyrer røykjekjøt og pølse. Slikt laga dei i nærsagt kvar ei hole der i dalom. Om dei da ikkje spann sau-ull og batt hoser eller tova seg skobunad.
Skikappleikarane var nøgde med at reipa på latmannsbakken gjekk som dei skulle. No venta dei berre på meir snø så ynglingane kunne leike seg. « Opp farande utan mas, ned rennande i eit kras», kvad Bård Gravar, som var ein av hovdingane i leikarbakken.
Samskipnad
I Kaffe Sik sitt hov hadde dei fått alle runene Odd Braute hadde etter at han for til Valhall. Det var ikkje få. Runesteinane er no stilte ut saman med den bjørnen Arild Hegge og venen hans skaut for lenge sidan. I hovet samla bumenn og jordtrælar seg ofte. Drøsene møttest og, då for å tråkle saman trådar til varme kjortlar. Det var ikkje berre kamkake der.
Bumenn kom ofte ut or holene sine for å spørje nytt. På Reindrivardagen midtvinters var særs mange til stades. Dette året feirast hundreårshjulet for den store hendinga i Nidaros, der finnedronninga, Elsa Rein, heldt ting for reinfolket. Ho høyrde elles heime her i liom, da ho i si tid hadde hovet sitt under Kjerringtoppane.
Fjellfolket hadde og fått vøla om Kvite Krist sitt hus dette året. Dei var og nøgde med at Haugkarihola sin lagnad var sikra. Håkon Øk og Kari Vensæle tok fram gullsekken or hola si ved Røssestrond. Den var ikkje tom. Dei tok med så mykje gull at dei var sikre på at Kvite Krist sin bodskap kunne seiast slik det alltid hadde vore gjort der, etter at stridsmennene frå Germania rømde heim, sju tiår før dette.
Storgilde vart det den dagen hovdingen Belte Skut, baud til fest. Då kom det hærmenn frå alle kantar etter råkene rundt om. Frilla, Aina Krølle, hadde fått sett opp tavler om gjestebodet, så det kom fleire enn venta. Brørne, Aslak og Torgeir Bolle, hadde stelt istand farvegar til dei som ville prøve seg. Dei fekk sjå at det var ikkje så like fram å bruke Belte Skut sine farkostar. Men nøgde med dagen var alle, så neste vinter kjem nok Belte Skut på vitjing att.
Christine Førstemøy
Christine stulla framleis rundt i Amundborga medan ho tenkte. Ho var særleg nøgd med at trådane frå Hattlandet no var strekt ut, og mange fleire kunne bruke nyvinninga Da Ta. Det gjekk med meir gull enn venta for å få til dette, men ho strauk seg over hærkjolen og kvad: « Varm eg blir om hjarterota, når yngling brukar mykje Da Ta».
Ho var og nøgd med at dei på Amundborga og trælar i fylkingen rundt om hadde fått Store Fylke sin ros som beste trælleiaren i heile Håløygland. Ho tenkte og på juvikingen Kjell Terre, som var med i storslaget om å få sete ved kongen sitt bord i Vika. Der fekk han bank. Det tykte ho mindre godt om.
Ho ilska seg over at Erna og Siv i Vika ville ta gullet ho meinte fylkingen hennar skulle ha. Hovdingen, Stat Kraft, sette gjerne sverdet sitt i henne for å gjera Erna og Siv blide. Amund Rådlaus var svart i augo når han fortalde henne kor alvorleg dette var.
Men så gjekk mismotet bort. Ho kom på at mattidene til dei eldre og dei på sotteseng hadde vorte endra. Gamle krigarar skulle ha det godt, og no åt dei meir og fekk feitt på beina sine. Ho såg fram til Midtvintersblot. Her skulle alle fat og krus tømmast.