I fylkingen til Christine Førstemøy var det mange jordtrælar. To av dei vart kalla Harald Mille og Kenneth Svale. Harald dreiv ved Røssåa, medan Kenneth hadde sete i Svalbakkane ved Finnifjorden. Der skein sola heile året. Begge var framifrå jordtrælar som stelte godt med dyra sine.
# Skamfaren heim
Kenneth Svale skulle på utferd saman med frilla si, Christin og sonen ein sommar. Innan dei for gjekk Kenneth og såg om dyra sine som beita i Svalberget. Der vart han var ei ku som som var ille skamfaren. Ho gjekk sjølv, men var synleg herja av kamp. Det var klomerkjer på henne, kjaken hong ned og var delt i to. Ho var heit. Det var lett å sjå at ho ikkje hadde fått korkje vått eller tørt på nokre dagar. Han fann og ut at to dyr mangla i flokken hans. Etter kvart fekk han kua heim og fekk dyrekjennarar til å gje han råd om kva som var best å gjera. –Gje ho banesår fortast mogleg, var rådet. Så han gjorde. Knut Slaktar kom til staden og såg på dyret. Han såg på kjaken og klomerkjene på bakføtene. Knehasane var raspa opp. «Bjørn i fjellet har her vore. SNO blir varsla på kontoret,» kvad han. Han var heilt sikker og trykte på ranglarbjølla si.
Ein dag noko etter Svalbakkhendinga kom eit av dyra til Harald Mille skamfaren heim til setet hans. Det var rive opp i nakken og blodet rann. Spor etter klør var det og på bakkroppen, likeså var ho rive opp i bringa. Eit øyre hong og slong. Det var eit krater i hovudet etter ein kjøtbit som var borte. Dyret hadde det ikkje godt. Det likna på at det hadde vore i ein vill kamp. Han fekk ein dyrekjennar heim med ein gong, det same med Knut Slaktar. Han hadde greie på kven som kunne gjera slike meinverk mot dyra til jordtrælane. Knut såg på såra og kvad: «Stygt skadd, ikkje ørn. Djupt sår, det er bjørn.» Harald kvakk til og samla dei andre dyra sine heim.
Sotka Jerv
Det høvde seg slik at storveidaren, Sotka Jerv, var i Hattdal på denne tida. Han fekk nysn om hendinga heime hjå Harald Mille og drog rett dit. Han kjende på kua, mulla og prata med seg sjølv. « Huff, huff, for eit herk. Dette er nok Bamses verk,» kvad han. Ingen kunne meir om bjørn i heile riket enn han. Skrivestova inst i Ranfjorden fekk høyre kvadet og sende det rett ut. No gjekk hendinga frå hole til hole, og snart var det berre bjørn jordtrælar rødde om.
Store Fylke
Då Store Fylke fekk høyre om hendingane, refsa han Knut Slaktar for at det alt var kome til skrivestova i Jarnsmiarstad , inst i Ranfjorden. No hadde Knut Skrivar i Korggryta og kome til han, og dette lika Store Fylke dårleg. Slike hendingar skulle dei halde i løynd til han og mennene hans hadde sett meinverket.
« Saka var klar, det var bjørnefar,» kvad Knut Slaktar attende. Han lika dårleg at leiaren hans hogg etter han, men han gjorde ikkje noko meir. Store Fylke hadde ikkje sett dyret eingong.
Etter kvart fekk Store Fylke i Bodøyar meir greie på kva som hadde gått føre seg. Knut hadde sendt det dei kalla Fo To til han. «Dette er ikkje bjørnelabb. Kua har skubba seg på ein grabb,» kvad Fylke. Ikkje var det bjørn der, ikkje slo han slik heller. «Sotka Jerv og Knut Slaktar, pratar tull det dei maktar,» kvad han og deisa sverdet i bordet sitt. Han trong ikkje å sale opp hesten sin for å sjå dyret eingong. Til Kenneth kvad han: «Kloremerkjer,- fantasi. Tråd med pigg, min teori.» Ikkje eit vondt ord om bjørnen. Han var ikkje slik.
Seinare fekk Store Fylke fleire av mennene sine til å slå fast at skadene hadde dyra gjeve seg sjølv. Knut Slaktar rista på hjelmen sin. Han var korkje skræmd eller oppfaren. Det var som det bruka å vara.
Fylkingen
Trælane rundt om i fylkingen hånlo av Store Fylke. Dei visste ikkje om dyr som friviljug skada seg sjølv. Det var det dei på to føter som gjorde.
Lang tid etter at Store Fylke hadde sagt si meining, fann Kenneth Svale begge dyra sine daude oppe i Svalberget. Dei var skræmde utfor nokre stup og gått rett i dauden då dei landa.
Å kute utfor eit stup er det ikkje noko dyr som gjer. Det er det berre dei på to som finn på når dei ikkje vil få dauden på sotteseng.
« Store sår gullsekken får. Ikkje greit når vankunna rår,» kvad Kenneth Svale og trøysta seg med frilla si.
Blodråket
Adolf Bart heitte ein germanar som slo seg stort opp og sloss mot så mange han kunne. Han hadde herja i det osmanske riket, banka hærmenn alle vegar. No hadde han kome i Nordveg og herja der. Ovmotet var stort, og han ville ta russfolket i aust. For å kome dit måtte han byggje nye råk som var farbare, ikkje berre for hestar. Til dette trongs det trælar, mange trælar. Han visste råd. Skamfarne serberar som han hadde fanga då han var der, vart skikka nordover. Dei fekk lite mat, lite hærklede, men mykje harde ord og hardt arbeid. Mange fekk banesåra sine under slitet med å laga råket over Korgberget.
Etter kvart fekk Adolf og banesår, og germanarane for heim til ruinane sine. Råket over Korgberget stod att som eit prov over slitet serberane hadde vore gjennom. Venskapet mellom dei og korgbuarane vart sterkt, og dei vitja kvarandre jamnleg etter meinverket Adolf hadde laga i stand.
Tavler
Rolf Fjelle heitte ein som dreiv i Amundborga. Han meinte det var viktig å minnast soga til Blodråket. Unge sveinar og møyer skulle vite kor ille det kan bli om ein ikkje avlar fram venskap og fred. Han fekk med seg Jan Gautatyr som hadde rissa mange runer om Blodråket og slitet til serberane, Soge-Per Steine og Jim Nerd frå fylkingen til LøveJann var og med. Jim fekk navnet sitt av di han aldri tok nei for eit svar.
Desse karane gjekk på og fann ut svært mykje. Ja, det kom fram mangt som ikkje før hadde vorte rødd. Navn på kvar ein som fekk banesår fann dei ut. Dei greidde og å skaffe fram så mykje gull at dei kunne laga tavler og risse inn kva som hadde gått føre seg. Det var vondt å ta alt fram att, men dei ville at soga skulle vera rett. Ynglingar, møyer, sveinar, trælar og bumenn skulle få sanninga. Mennene dreiv på lenge, men dei ville at alt skulle vera gjort til årsdagen då serberane kom og vart sett i holene sine under Adolf sitt åk.
Osarleir
Dei nådde målet sitt, og det samla seg flokkar frå heile fylkingen ved Knutmoen på denne årsdagen. Serberane hadde kome i skokkvis. Statthaldaren deira hadde kome frå Vika, Store Fylke frå Bodøyar var der, det same med Løve Jann og Christine Førstemøy. Det var høgtidssamt. Gudane var i godlune, sola varma og alle tykte vel om dagen. «Godt å sjå at mange kom. Minnast skal vi, ein og ein. Soga har sin eigen ljom. Dagen er ein bautastein,» kvad Rolf Fjelle og Jim Nerd då dei helsa til alle som var der.
Ikkje eit våpen var å sjå. Alle var vener og vens vener. No skulle dei som hadde fått banesår bli heidra. Alle hovdingane hadde eit bodskap til dei som var der. Alle var takksame for ofra som var gjort og klokskapen dei etter hadde fått. «Fred og vener gjer oss sterke. Venskap skal pleiast for å verke,» kvad fleire av dei og bad om at samrørsla måtte gå vidare.
Dei som var der, hadde stasa seg opp i bunader, og mange bar faner. Vakkert var det saman med blomekransar og fargerike klednader. Høgtid.
Fagermo og Korgtopp
Så bar det over Korgtoppen til Fagermoen. Der hadde Adolf halde mange fangar. Dei skulle byggje råket på nordsida. Mykje sleit dei ,og mange fekk banesår også på denne sida. Ein ny vond del av Blodråket si soge vart tala om. Også her heldt hovdingane tankefulle hærrop for fred og venskap. « Med vold vart råket ferdig drive. Takk til dei som ofra livet,» kvad dei.
Dei sprekaste som var til stades, tok no vandringa til topps for å syne kor viktig fred er. Mange var med, og på toppen var det mest like mange som da Arktikk Reis var der året før. Der var det og like høgtidssamt. No var det møyer og sveinar som tala. Dei viste at ynglingar er like oppteken av ei fredsam framtid som gamlingane. Så kom det to serberar som hadde trødd på tohjulingar heilt frå heimriket sitt. Dette gjorde dei for å fremje fred og venskap. Dei fekk mykje åtgaum for det dei hadde gjort.
Når så unge serberar i fargerike bunader tok til å dansa, var dagen svært vellukka. Dei som hadde stridd, var borte. Tida framover hadde dei unge lyst til å gjera glad.
«Blodråket,- ein dåm av vonde dagar, men god for dei som framtid lagar,» kvad Rolf Fjelle då han takka alle for ein minnerik og viktig dag. Att stod råket med tavlene som skal vise korleis det vart til og korleis dei som bygde det, hadde det.
Sola hadde sige i havet før det vart stilt på Korgtoppen den dagen.
Løysepengar
Røssåa er ei å som renn i store svingar gjennom Korggryta. Alle lika elva og gjekk ofte attmed den for å sjå etter laksen. Ut for Gryneset var det mest uråd å gå lenger. Der var det både vått og uframkomeleg. « Veit bort vatnet, ta vekk trea. Da blir den fin, heile leia,» var det mange som kvad.
Gry Campe hadde stasa det så vakkert til på andre sida. Det måtte bli like fint overalt. ? Og slik gjekk det. No kunne dei som hadde sete der, og farfuglar frå langt borte, gå lange vandringar og sjå etter laksen. Mennene i Amundborga fekk mykje åtgaum for det som vart gjort.
Store Fylke i hærferd
Så høvde det seg slik at Store Fylke kom i hærferd til Christinefylkingen. Han stogga brått og myste mot Klubbskogen. Han såg rett. «Kven har grave i freda skog?» kvad Store Fylke og slo på skjoldet sitt. Han var olm i augo og bratt i ryggen.
Christine Førstemøy og flokken hennar mista munn og mæle. Alle visste korleis det hadde gått til, men ingen tok ordet. Ikkje lyfta dei våpna sine heller. Dette vart så meint. Da tok Christine hoftefeste og kvad: « Elva vår er alle glad i, ekstra glad når det var sti,»
Store Fylke fnøste og skummet valt ut av kjeften hans. « Freda skog skal vera urørt. Graving her er rett sagt uhørt,» kvad han og var olmare i augo enn nokon gong.
Tingingar
Amund Rådlaus vart i villreide og drog hansken over den blanke panna si. Harald Bresprekk skalv. Han tenkte på at no er dei ute etter gullsekken hans att. « Folk blir spreke, kropp så god. Tur langs åa,-helsebot,» prøvde Christine å blidgjera Store Fylke med. Ho visste at han brukte mykje gull for å få folk til å passe kroppen sin. « Fuglesong og laksesprett gjev glade menn med hug så lett,» kvad ho vidare. Amund tykte vel om kvadet og meinte vinninga var så stor at det var berre å gløyme heile saka. «Huldrestry og lungenever blir det framleis om menn der lever,» kvad han. Han visste at veidemenn trakka mykje der kvar haust. Store Fylke var ikkje nøgd med kvada han fekk.
«No fer eg over Saltarfjell, grublar fram til det blir kveld. Eg har sett eit meineverk. Gjera slik er smaklaust herk,» kvad han. Så sala han og flokken opp hestane sine og drog nordover.
Harald Bresprekk hadde enno gullsekk-skjelven. Amund Rådlaus trøysta og sa at dei roa seg nok ned.
Tida gjekk, og alle i Amundborga gløymde hendinga. Stridar var det nok av kvar dag. Den eine dagen åt opp den andre, tap og sigrar om ein annan.
Striden endar utan blod
Men så kom Ragnarok. Brått stod Store Fylke ut for borga og bles i luren sin. Hærmennene hans hadde lyfta sverda sine for å vise kraft og alvor. Alle i Amundborga kom ut for å høyre. Dei skjøna at det vart ikkje blod denne gongen. Då hadde hirdmennene hans stått ansleis. Store Fylke gjekk fram med hesten sin mot Amund Rådlaus og Christine Førstenmøy og kvad: « Meinverk var det, lovlaust og. Med gull skal skaden bøtast. Hundre tusen for slik skog. Eit ja til det, så slepp vi møtast.» Han bråvende hesten sin, og borte var både han og flokken hans.
Christine var raud i hausen, illsint og vantru. Amund var rådvill og togg ekstra hardt på kvannskråa si. Harald bleikna og tenkte på gullsekken. Sølve Tuva, som hadde stått for gravinga, meinte det var verdt gullet. No hadde både bumenn, trælar, møyer og ynglingar fått ei ven veit å vandre i. Kanskje kunne det tilmed bli gjort fleire ynglingar der etter kvart. Christine kvad: «Dyrt var det. Vi pungar ut. Dette spelet må ta slutt.»
Og slik vart det. Dei vart klappa på brynjene for det dei hadde gjort. Alle var glade for nyvinninga og tykte vel om den. Og huldrestryen skulle dei så visst passe på.