Dei vide flatene aust for Røssåga låg kledd med stor granskog da nyryddarane på tidleg 1600-tal fekk bruket delt frå hovedgården Leeren nedre. I våre dagar er gården ein av dei store, topp moderne melkeprodusentane i kommunen.
Det seier også litt om moderniteten at eigar og drivar er ei kvinne, som med eigen familie og stønad frå bankvesenet på få år har greidd å bygga om gårdshusa, utvida åkerlandet, investera i heilautomastiserte driftseiningar og henta inn tilleggsfor frå naboeigedommar.
Restaureringsobjekt
Kirstin Bygdås frå Korgen tok i si tid teknisk fagskole, bygg og anlegg, arbeidde så tre år ved teknisk etat i Vefsn. På fritida tegna ho hus og fjøs. Ho såg for seg å finne eit gammalt hus å bygga opp.
Tilfellet ville at ho heller brått fekk tilslag på eigedommen Bjerkmoen i Korgen hausten 1999, og tok da samtidig over melkekvoten. Det vart starten på den nye tida for dette bruket.
Ein storstilt oppbyggingsperiode måtte til. Her vart planlegging, gjort avtalar med familie og naboar, innhenta tilbud på bygningar og inventar. Banken måtte også inn med sine vurderingar.
Dette greidde Kirstin, som da var mor til tre små barn, og som ei tid var åleine med dei også. Ho seier sjølv:
– Må seia det var travle dagar… og netter. Men heimefamilien – og særleg far – hjelpte til, så det gjekk da. Så var det at så mange sa til meg at denne satsinga ville eg ikkje greia å få til å lykkast. Da for det vel ein f… i meg, og bestemmelsa vart tatt: Vi skulle nå målet.
Med seg hadde ho no mannen Roger. Han arbeider fulltid som snekkar, men legg ned svært mykje arbeid på gården også.
Hovedbygninga eit storprosjekt
Det vart tidleg klart at vatn og avløp måtte takast først. Arbeidskrevande og kostbart. Gårdfolket måtte ta ut noko skog for å få økonomien på plass.
Så til ved tegnebordet for å skapa det nye bustadhuset. Kirstin fortel:
– Her fann vi grovt tømmer i gammelstua med kalking og maling som skriv seg frå seint 1600-tal. Ei stue hadde blitt flytta frå Nerleiren.
Dei kunne ikkje få stua slik fram i dagen som for hundre år sia, men tok vare på utforming, storleik, vindustyper og dører. Ny støypmur under heile huset måtte også til.
– Vi jekka opp ei side av huset heile 36 cm for å få det vassrett.
Så vart bygninga kledd utvendig, nytt tak: men ikkje med torv denne gongen.
– Her hadde vi inne søknad om tilskudd frå Kulturminnefondet, men vi ville ha skikkeleg takutspring, og da dette gjekk utanom tildelingsreglane, vart det avslag.
Arbeidet med ombyggginga tok si tid, med full renovering av dei to etasjane stod stua ferdig i 2010, med tilsaman 300 kvadratmeter i golvflate.
Eit praktfullt resultat, som mellom anna førte til tildeling av den kommunale byggeskikkprisen i 2012.
Tunet veks fram
Med eigen melkekvote og leige av nabokvoter skulle kutalet opp frå 20 til 55. Her måtte ny fjøs til. Arbeidet starta igjen med mange og lange samtalar med fagfolk, styresmakter og leverandørar. Da finansieringa var klar i 2009, starta oppføringa. Eit digert fjøs av dansk type, med innredning frå eit trondheimsfirma. Her er det siste innan rasjonell produksjon montert: Kraftforautomat, melkerobot, vaskesystem, skrapeanlegg for reinhald i rommet. Arbeidsbesparande, men kostbart. Fjøset kom på nærmare 10 millionar da det vart tatt i bruk i 2011.
Ved sida av fjøset vart det reist redskapshus, også det sjølsagt med stor grunnflate, da gården har tre traktorar, fullt forhaustingsutstyr med rundballepresse, samt alt som trengs til våronn og anna nødvendig gårdsarbeid.
– Men den gamle saga utpå bakken er uttjent, så den skal rivast. Gammelfjøset er mest brukt til lager no, kunstgjødsel og slikt. Eit mindre, eldre redskapshus er også i bruk. Men bakarhuset må rivast. Eg har ein draum om å få opp eit nytt.
Kirstin har ikkje mykje fritid, men baking synset ho er ein triveleg syssel.
I nordaust rett utanom dette mangesidige tunet ligg gjødselkummen, som tar heile 2600 kubikkmeter, noko som såvidt held unna i vinterperioden oktober til seint april.
Frå gress til ost
Melkekvoten år 2000 var 42 tonn i året, no i 2017 heile 450 tonn med som er innleigde frå nabogardane. Vi skjønar at mykje gress må til.
– Sjøl har vi nok nydyrka 100 mål, og leiger vel 550, så tilsaman lagar vi rundballar av gress frå 750 mål, to gonger i året. Dette gir frå 1800 til 2200 rundballar, som er det vi må ha, da våre 150-160 dyr treng 6 ballar i døgnet.
Kirstin legg ikkje skjul på at dette onnearbeidet er omfattande og krev folk og planlegging. Det blir familien og ein avløysar som gjer jobben. Gården har hatt slik avløysar i full jobb i ei tid, no er ein ny på plass, men berre i halv stilling. Likevel: Det hjelper på i det daglege. Som eksempelvis i våronna, der ein er tilrådd å snu alt areal i løpet av 8 år.
– Da er det å pløya, harva, gjødsla og så 100 mål åker, i tillegg til det daglege i fjøset. Vi brukar noko som heiter vintersterkt gressfrø, tilpassa naturtilhøva her, ei blanding at timotei, kløver og engsvingel.
Så er det gjødslinga. I sommarhalvåret blir det spreidd ut naturgjødsel frå kummen med jamne mellomrom, men rundt første mai er det hovedparten ut etter ein lang vinter. Kunstgjødsla blir spreidd i to omgangar, før dei to rundballeonnene. Slik gjødsel er ellers ein av dei større utgiftspostane.
Men: Der dei store pengane rullar ut er til innkjøp av kraftfor. Her kjem ei dryg regning kvar tredje veke, etter at dei to siloane er fylt.
– Kvar melkeku treng 15 kilo slikt tilleggsfor kvar dag, da skjønar ein at det går tonn på tonn… og tusenlappane renn ut av konto.
Så om det skal bli balanse, og helst eit brukbart overskott, må det selgast melk. Frå Bjerkmoen gård kjører tankbilane oftast til Sømna meieri, der dei lagar ost. Unntaksvis blir det levert til Sandnessjøen som forbruksmelk. Det kan bli ei god matematikkoppgave for ungdomsskolen å finna ut kor stort berget av kvitost blir av 450 tonn bjerkmomelk.
Sånn går no dagan
I det jamne gårdsarbeidet er det mest i fjøset ting skjer. Kirstin har vore, og er, sjøl tilstades i nærsagt alle økter. Ein vanleg dag tar til med eit par timar i fjøset, så er det mat og utearbeid, middag, ny runde i fjøset før seinkvelden er der, og det kan bli ein matbit til nyheitene på TV.
Ein skulle kanskje tru at omfattande automatisering gjorde det fysiske arbeidet mindre, og det er jo på eitt vis tilfelle. Likevel, sjøl om Kirstin kan overvaka mykje frå kontrollrommet og datamaskina, er det greitt å gå rundar i lag med dyra, sjå til at dei har det greitt og trivest. Dei mange kalvane får mykje omsorg i form av klapp og stell, og dei blir snakka til. Dei kjenner stemmane. Alt dette fører til at dei blir trygge i sine omgivnader. I dette høyrer også med at dyra skal ut i frisk luft. Frå juni til ut i september står dører åpne, slik at dyra fritt kan gå ut. Kristin fortel at dei søker ut, men vil vera mest inne. Ikkje så rart, da der finn dei mat , vatn og den kjære kvilplassen sin.
Ein stor bøling melkekyr skal gi det som er inntekta, og dei opp mot 100 kalvane er neste generasjon, enten det er til melkeproduksjon eller kjøttleveranse. Oksekalvane blir levert til slakt når dei 14 månader gamle.
– Med eit så stort tal krøtter i fjøset er eg nok ikkje personleg kjenning med alle, så det må gå i nummer og ikkje namn, slik vi hadde det før. Da unngår vi også at mistak blir gjort, det vera seg i inseminasjon eller ved sjukebesøk.
Besøk i fjøset
Sjukdom har dei ellers hatt lite av i bjerkmo-fjøset. Da er det oftare med besøk av «nyoksen». Der det tidlegare var om å gjera å få kua til oksen, er det no ferdigvare som blir kyndig plassert av veterinæren. Og her er det variantar på gang, seier Kristin:
– Vi satsar sjølsagt i hovudsak på NRF. Norsk raudt fe er i verdensklasse. Likevel finst det kurasar som kan prøvast inn. Hos oss gjer vi forsøk med forsiktig innblanding av tre slike, da for å betra mjølkemengde, feittkvalitet og gjerne også meir kjøtt. Kunnskap om dette hentar vi frå diskusjonsfora i bondemiljøet og fagblad, for det meste.
Her er no ellers fleire som har interesse i å koma innom hos Kristin. Fagfolk frå Tine er ikkje sjeldne. Dei har saksområde grovfor og detaljplanar for melkeproduksjonen som sine fremste felt. Mattilsynet har sine rutinebesøk, der dei ser på dette med dyrevelferd og reinhald. Geno, det norske samvirket for storfeavl, har folk innom av og til, for diskusjonar om dette med justeringar av genar og slikt. Lokalt har avløysarlaget si verksemd, der det gjeld å finne gode ordningar for arbeidsfordeling.
– Og så kjem her folk som gjerne er litt nysgjerrige på korleis det går her. Det er gjerne leverandørar eller bønder som sjøl har gjort driftsendringar, eller som har planar om det. Mange vil sjå disse ganske nye driftsmetodane i bruk, og da får også vi her nyttige spørsmål å svara på. Dette gi også oss nye idear.
Fritid og framtid
Gårddrivarane på Bjerkmoen er framleis i sin beste alder, så drifta vil gå sin gang. Kva som skal henda den dagen dei vil trø til side er ikkje avgort.
På spørsmål til Kristin om dette med fritid, hobby og slikt, fortel ho at dei har eit par hestar som mest er til hygge for ungane. Sjøl har ho i løpet av disse åra hatt tre dagar bybesøk i Nederland som sin ferie. Så er det denne draumen om nytt bakarhus. Dette kan koma fortare enn mange trur, om vi ser på takten i verksemda ellers der i gården.
– Om eg skulle ha eit hageselskap ein roleg sommars ettermiddag? Da ville eg servere melkekake og kaffe, til gjestane som vil vera storfamilien sjølsagt, og … eg trur eg ville invitert Atle, veterinæren vår gjennom alle år. Han har vori ein interessant samtalepartnar.