På elveslettene nedst i Røssågadalføret har folk rydda gårdsbruk for mange hundreår sia. Ritzøen er nemnt i dokument alt i 1567, men det er grunn til å tru at busettinga kan vera mykje eldre enn det.
Etter utskifting i 1824 vart eine gårdparten flytta frå fellestunet og sørover til det som no er Øver-Røsså.
Slik sett var det ein solid arv og sjøleigande bruk dei hadde med seg, bondefamiliane som fornya gården på Øver-Røsså etter andre verdenskrigen. Nils Johan og kona Dorthea arbeidde jamt etter dei gamle driftsmåtane. Så i 1952 tok sonen Jakop Didrik og kona Torlaug over. Med dei, og seinare generasjonen etter, kom mykje nytt til gårds.
Jernbanen og brannen
Tett før krigen var Nordlandsbanen i anlegg frå Mosjøen og nordover. Linja kom til å kløyva gårdstunet her, slik at saga måtte flyttast og eldhuset rivast. 15-20 mål jord gjekk også tapt. Ikkje var det ein fordel med togtrafikk rett i gårdstunet heller. Likevel: Verksemda førte med seg mykje folk, her vart tale om utleige av rom til arbeidsfolk, og seinare kom ein samvirkelagsfilial på plass i ei av gårdsbygningane. Som erstatning for tapte hus vart det i 1939 ført opp ei stuebygning lengst nord i tunet. Her var rom tillaga for baking og vask i kjellaren, og bustader i to etasjar over. Romma kom godt med da hovedstua brann i 1941, slik at sjølfolka flytta inn dit.
Nye bygg reiser seg
Nystua skulle bli stor og gjev. Her vart skaffa tegningar frå ein sentral arkitekt i Oslo, og med eige materiale, eige og innleigd hjelp kom det opp eit praktbygg på femten gonger ni meter i grunnflate, med heil kjellar og to fulle etasjar over. To inngangar, to stuer, stort kjøkken, vaskerom, kontor og seks soverom trongs når to generasjonar gårdfolk med tjenestefolk skulle ha husrom. Stua vart tatt i bruk i 1948.
I løpet av disse åra hadde Jakop Didrik gått toårig landbruksskole sør i landet, og kom heim med nye idear. Han såg for seg omlegging frå mangesidig husdyrhald til storskala sauehald og potetdyrking. Jordsmonnet på denne garden er silthaldig sand, som er særleg godt egna til rotfrukter.
Gammalfjøset var snart 100 år, så no vart driftsplanane tilpassa den nye tida, herunder også det nye fjøset.
Fjøs, låve og potetlager
Med typetegningar frå fylkesagronomen tok dei fatt på det som seinare er kjent som «Sørli-fjøs».
Innleigd entreprenør tok grunnarbeidet, her var betongstøyp til golv og potetlager. Husdyrrommet vart, som eit av dei få i distriktet, mura av dobbel teglstein med isolasjon mellom. Låvedelen reiste seg ti meter over golvet i ein spennande fagverkskonstruksjon. Her var ikkje låvebru, men høyheis dreve av elektriskmotor. 80-90 vinterfora dalasau og 20-30 mål potetavling fekk plass her.
Neste drivar : Meir hus og maskiner
Jakop Didrik hadde frå gammalt ein enkel traktor til pløying og høykjøring, før han i 1963 fekk seg ein ny og moderne traktor. Han var no mykje opptatt med grøfting og nydyrking, men så gjekk det ikkje likare til enn at han omkom i ei ulykke ved jernbanekryssinga der på gården, i 1965. Han let etter seg kona og fire barn.
Odelsguten Nils Dag var da berre 14 år, så gården hadde forpaktar mens han tok utdanning, også toårig landbruksskole i Vefsn og ein periode ved Bondelagets folkehøgskole.
Nils Dag tok over i 1973. Han tok straks fatt i det som kunne vera arbeidssparande maskiner og dessutan vart det no satsa på silo, så forhaustar måtte skaffast. Fjøset vart påbygd for plansilo, redskapshuset forsterka i golvet og utvida for garasjeplass.
Med ny, sterkare traktor og halvautomatisk potetopptakar kunne dei 40-50, seinare oppmot 100 mål potet haustast med 4 mann og ein i kjøringa. Nils Dag hadde ei tid storstilt settepotetproduksjon, vel som den einaste i Nordland av slaget pimpernell.
Men det vart travle dagar på ettersommar og haust, da sanking, inntak og levering av ein auka sauebuskap skulle gjerast i omlag samme tida.
Automatisering
Fram mot år 2000 vart det vurdert som best å ta ned sauetalet frå dryge 200 vinterfora norsk kvit rase til det halve, mens ein heller utvida potetarealet og dreiv etter ein vel uttenkt plan med tre hovedsortar: Tidlegpotet for hausting først i september, eit såkalla halvtidleg sort til å ta opp deretter, og vinterpoteten pimpernell sist i månaden. No vart det innkjøpt heilautomatisk opptakar, som trong to personar og ein i transporten.
Nils Dag seier han hadde ei effektiv drift med tidvis bra resultat, men noko regnfullt sommarver år om anna kunne gjera haustinga litt for spennande. På sine no 260 mål dyrka mark kunne han ha opptil 120-130 mål potetland.
Siste driftsåret var i 2010. Da var ikkje helsa god nok til å fortsetta, så saubruket vart forpakta bort i tre år. Disse seinare åra har bonden på Øver-Røsså seld foret til nabobruka.
Utkomme frå skogen, mindre frå elva
Det låg i tankegangen til drivarane på denne gården at også skogen skulle drivast planmessig. Her vart tatt ut som plukkhogst og kjørt fram med hestar til ut på 1960-talet, da beltetraktor tok over transporten. Såvel Øver-Røsså som naboane på Ner-Røsså tok eit valg om å gjera flatehogst. Det vart årvisst tatt ut store mengder tømmer , men raskt planta til og seinare tynna og avstandsregulert. Så kom hogstmaskinene, og drifta er for det meste sett bort til lokale entreprenørar.
I løpet av dei 27 år Nils Dag dreiv skogen er det vel på dei 600 mål god skog tatt ut dryge 9000 kubikk gran, som gir nok materiale til eksempelvis 200 eineboligar, og massevirke til atskillige rullar papir.
Gårdssaga fekk alt i 1914 elektrisk kraft frå Bjerkaverket, og Øver-Røsså saga sjøl til eige bruk, og noko for salg. Saga var fornya ved flyttinga som følge av jenbanebygginga. Etter 1990 var ho nedslitt og lite i bruk, derfor reve i 2005.
Fisket i elva var svært viktig frå gammalt av. Her nede , der flo og fjære verka inn, var det på ettersommaren gunstig med notdraging og seinare garn for fangst av sjøaure. Fisken var mest til eige hushald. I nyare tid berre som privat fritidsfiske. Med såpass kort veg til fjorden var det også tidlegare vanleg å dra ut på isfiske på seinvinteren.
Gården i god stand
Oppe i alt arbeidet med gårdsdrifta, familien med kona og tre barn, måtte Nils dag seg tid til nødvendig vedlikehald av gårdshusa. Den staselege hovedbygninga vart fullrenovert tidleg på 1990-talet, og seinare har fjøset og redskapshuset fått sitt stell, innvendig som utvendig.
Pensjonisten Nils Dag er sjuande generasjon gårddrivar frå same slekta, far til son. No ligg det ikkje føre planar om neste brukar. Men Øver-Røsså står fram som ein vakker og veldreven gård.
Det høyrer med til historia at såvel Jakop Didrik som sonen Nils Dag begge var engasjert i politikk og var medlemmer i kommunestyre og formannskap. Dei var i tillegg tillitsmenn innan fleire landbruksfaglege organisasjonar, lokalt og i Nordland fylke.