Hemnes held stillinga som ein av dei fremste sauhaldskommunane i Nord-Norge. No ventar vi får-i-kålen heim.
Trass ein sein vår, snø lenge i fjellet og kjøleg, regnfullt delar av sommaren: talsmenn for næringa seier det ser «normalt» ut, så langt. Takk væra den nydelege hausten så langt, har enno ikkje alle flokkane kome heim, så endeleg statistikk vil ikkje vera klar før ut i november. Men det seiest at lamma held så høveleg med størrelse og vekt, og ikkje er det meldt tapstal som uroar mykje.
Olav Oldernes i Korgen har sine dyr langt sør i Vesterfjellet:
– Noko rovdyrtap har vi alltids på tidlegvåren, like etter utslepp. Ørn, gaupe og sikkert rev er frampå. Dette året har ikkje bjørn gjort skade som ein kan påvisa. Her var kadaverhundar i terrenget i samband med kvigeskaden på Baklandet, der bjørn var ein sannsynleg utøvar. Ikkje funn av sautap da. No er det tid for jerven, og han plukkar nok litt her og der, men ikkje ut over det normale, skal vi tru det som er kjent til no. Og streifulv har ikkje vori innom i det heile tatt, så vidt vi kjenner til. Den karen legg gjerne ned i dungevis, og det har ikkje skjedd.