Sommaren 1957 vart demninga ved Tustervatnet ferdig, og snart var Røsvatnet nest største innsjø i Norge. Det gjekk fortare enn mange hadde sett for seg.
Vasskrafteventyret i området starta for alvor kort tid etter krigen, da Stortinget vedtok bygging av Norsk Jernverk i Rana og aluminiumsverket i Mosjøen. Krafta skulle hentast frå vatnet som rann frå fjella og ut i havet. Snart var Røssågaverka under utbygging. Eit storstilt anlegg med opptil 2000 mann i arbeid.
Det er krafta som gjeld
Folk som rydda seg jord og bygde heimar ved Røsvatnet fra 1700-talet og framover hadde ikkje nok oversikt til å kunna forstå på alvor det som skjedde. Styresmaktene hadde tidlegare gjort klart at eit atterhald om statleg råderett opp til kote 10 meter over vass-standen kunne bli iverksett. Dette kom til uttrykk no rundt 1950. Her vart halde skjønn for erstatning for tapt dyrkamark og hus, men ettertida viste at det vart heller mager godtgjersle. Somme var heldige og kom seg til gårdskjøp andre stader. Andre måtte flytta unna i all hast, og så bygga husvære, driftsbygningar og rydda jord etter kvart. Fabrikkane trong krafta, dei små heimane måtte vika. Og folket med dei.
Store tap
Ti-tolv meter oppdemming utgjorde store areal på visse flate gårdsrom. Oppsummert i ein studie utført av historikar Jostein Lorås i 1994 viser at neddemminga i 1957 tok med seg opp mot 1000 mål dyrka mark, der 23 bruk måtte fråflyttast og heile 72 bruk fekk redusert sine produksjonsareal. I sum gjekk dette ut over mange familiar, med eit folketal på fleire hundre.
Lorås seier i ei av sine samanfatningar:
– Oppdemminga i 1957 kom eitt år før forutsett. Dei som ønskte å ta vare på gamle hus og redskap fekk ikkje tid nok. Røsvassreguleringa vart derfor ikkje berre ei katastrofe for dei næringsdrivande, men også for naturmiljøet totalt, samt kulturvernet og kulturforskninga.
Etterverknad
Folk som opplevde denne neddemminga har fleirsidige fortellingar, alt frå eventyrleg fiske ettersom mattilfanget auka mykje, til umåteleg meirarbeid med alt som måtte gjerast på nytt. Mangel på skogrydding har i fleire tiår etter gjort delar av vatnet ubrukeleg som følge av kvist og tre. Med utkjøring av vatn til kraftproduksjon vil låg vasstand i periodar føra til utvasking og vanskar med båtbruk og frakt. Islegginga er endra, slik at vinterbruk av Røsvatnet kan vera usikker.
Noko av dette har utbyggarane – NVE og Statkraft – i seinare tid tatt seg av, men langt frå fullgodt, skal ein tru dei mange som har heva røysta i denne saka.
Kva kan koma etter 2017?
Akkurat i dette 60-årsminnet har så Statkraft fått ferdig ei storstilt renovering og nybygging av fleire anlegg, som tilsaman gir mykje meir kraft av same vassmengde som før. Det betyr meir inntekt til statsforvaltninga ? og til Hemnes kommune. Kanskje skulle ein da tru at styresmaktene ville sjå litt bakover i tid, og koma med bøtane tiltak der det svir som mest. For mange er det for seint, likevel kunne det i det minste ha sitt å seia for omdømmet.
Avisa Hemnes hadde for eit par år sia ein lengre artikkel om korleis gårdane ved Tustervatnet vart handsama i dette. Denne gongen har avisa tatt fram noko bildemateriale som kan visa ein flik av tilstandane.