Her, kor sommaren er så kort at vi ikkje rekkjer å hugse kor vi gjorde av grasklipparen før han skal ryddast vekk igjen, er det berre regnvêr som gjev oss lov til å vere inne og kose oss med perler og måling.
Om det skulle råke til å bli finvêr går det går heldigvis an å ta med seg hobbysakene ut. Så kan ein hanke inn ein nabo, ei tante, ein forbipasserande ungdom eller andre, montere parasollen, ha på voksduken og strø utover nabbiperlene, tomburkar og andre ting til gjenbruk og redesign og berre kose seg stillferdig i lag.
Dette er eit tips til korleis ein kan «bruke» perlebileta som ungane lagar. Det er då så i tida at alt må vere nyttig og kunne brukast til noko; å halde på med noko fordi det er fint og ein blir glad av det er visst ikkje lov lenger, det skal vere læringseffekt og nytteverdi kor ein enn snur seg heilt ifrå ein får avklipt navlestrengen.
Alle ser nytten i å ha ein fin boks å ha hemmelegheitene sine i. Eller urtete, eller binders og hårstrikk og alt som er så lite at det får plass i ein tom honningboks.
Dette treng du:
– Ein tom honningboks med lokk (andre boksar ein ikkje skjer seg på går òg fint)
– Pensel og Bengallakk (hobbymåling går òg bra og tørkar fortare, men blir ikkje like blankt og sterkt)
– Nabbiperler, eit rundt perlebrett, matpapir og strykejern
– Dymo (Ein kan òg klippe ut bokstavar i papir og lime på, eller måle dei)
Slik gjer du:
– Vask og tørk tomboksen, ha målingstape over dei blanke kantane.
– Lakkèr boksen. Brukar du bengallakk må nok ei vaksen tante vere med. Med vassløyseleg måling kan ungane styre seg sjølv.
– Medan boksen tørkar, perlar du eit motiv som får plass på lokket. Det kan gjenspegle innhaldet som skal vere i boksen eller berre vere reint dekorativt. Stryk over så perlene smeltar i hop.
– Finn ut kva du vil ha i boksen. Trykk ut teksten med ein dymo. Dette er spesielt morosamt for ungar som er så små at dei kan kjenne att bokstavane, men ikkje får til å skrive dei sjølv enno. Har ein ikkje dymo får ein vaksen hjelpe til å skrive på anna vis. Større ungar kan stemple, måle eller klippe ut bokstavar. Sjablongar blir òg fint.
– Lim perlebiletet på lokket med sterkt lim. Teip på teksten på sjølve boksen.
Voilà: Boksen er ferdig. Ha i ønska innhald, ha boksen sjølv, eller ta han med og overrask ein venn eller slekting som blir glad for å få besøk i regnvêret.