Avisa Hemnes
1 minutt lesetid

5 i regnet

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Kva gjer du helst ein regnvêrsdag?

Raymond Fagerbakk, Bleikvasslia:

–Då tar eg på regnklede og drar til skogs.

Samuel Solhaug Jørgensen, Korgen:

–Det beste på ein regnvêrsdag er å gå ut og grise med vatn for så å gå inn framfor omnen for å varme seg og ete jordbær med sukker og fløte på.

Edel Annie Tverberg, Skogan:

–Då er eg inne og fyrer i omnen, eller så går eg ein tur i regnet.

Brit Kongsli, Bleikvasslia:

–Eg kan no synest at å bake er høveleg, og all slags handarbeid, spesielt strikking er jo noko eg gjer. Og lese i ei bok som er god.

Stine Sjøfors, Korgen:

–Eg brukar å vere ute i all slags vêr; eg har hund, så eg går tur med han.