Jau, det e mykje som kjem fram da. I Øverleirlia kom eit elgkadaver til syne.
Tre ivrige og dyktige o-løpera på søndagstrening fekk ein «post» ekstra da Eskil (oransje jakke) skvatt til da han nesten sprang over liket av ein elgkalv. Ved nærmare ettersyn viste det seg at den nok hadde legi bra lenge, for det meste av kjøtt var borte. Sakte, men sikkert vil resten også gå tilbake til naturen.
Dei som er med på slikt som orientering i skogane i Hemnes vil smått få nokre bonusopplevingar, heldigvis oftast meir trivelege enn dau elg. No vaknar naturen, det blir fuglesong, reirbygging og matauk for to– og firbeinte, mens gress, mose og bladverk grønnest. Vårluktene sig på og gjer inntrykka enda sterkare.
Og snart er det lyst nesten heile døgnet.