Gangstiar og kjerrevegar gjekk husmellom på gårdane ettersom bygda voks fram. Da vegvesenet laga dei første bilvegane, skulle ein tru det vart ei endring. Ikkje slik på Langmoen, Reinåmoen sør av Korgen.
Mykje snakk om veg, standard, trafikk, turistar og fastbuande no desse dagar i Hemnes. På Reinåmoen kan John Reinåmo framleis stå på trappa til bolighuset og få søleskvett frå bil på buksebeina. Og det trass at stua er flytta åtte meter.
Bilvegen kjem
For snart 110 år sidan var vegbyggarane komne frå Sjøforsbrua og til Reinåmoen. Dei la vegen etter det gamle hestetråkket, som gjekk trongt mellom husa.
– Bestefar, som var gårdstyrar den gongen, ville at vegen skulle leggast straks sør om gårdstunet. Men nei. Det var da ikkje snakk om noko trafikk av betydning, vart det sagt.
John Reinåmo minnest tida da han var smågut, og korleis utviklinga har vore seinare. Rettnok var det ikkje all verden med bilar før rundt 1960, da bilsalg vart frigitt. Men det var som sagt trongt, folk hadde god fart, vegbanen var ofte blaut og sølete. Dagleglivet på gårdstunet vart forstyrra. Folk og dyr måtte sjå seg for.
– Heldigvis ingen skade på folk, og heller få dyr har måtta bøta med livet. I farten kjem eg på to sauer, og eit par katter. Ein kalv slapp med skrekken, der var det bilen som fekk bulken.
Trafikkauke
Ei lita stua som låg heilt inni vegen vart riven da ei ny skulle byggast på nordsida. Så kom folk frå vegvesenet og spurte om ikkje gammalstua kunne flyttast. Ho låg for nært vegen. Som gutunge kunne John frå trappa lett hoppa midt ut i vegen.
– Dette var i 1955, og far måtte da verkeleg spørra om ikkje vegen kunne leggast om? Men nei.
Han skulle få 600 kroner for å få stua åtte meter unna.
På Mo fanst det to karar med eigen jekk. Dei tok jobben. Gårdmannen laga ny grunnmur, skaffa lange, sterke bjørkestammar og rikeleg med saufeitt.
– Dei kom ein søndag, og lørdagen etter stod stua på nymuren. Inne heldt gamlemor koking heile tida, for murpipa var surra godt fast. Karane fekk pengane og var godt nøgd. Men det gjekk mykje sauefeitt!
No vart det romslegare, men så var trafikkauken sterk. Her kom ein straum av malmbilar frå Bleikvassli, ein god del lokaltrafikk, og seinare den stigande turisttrafikken som følge av åpninga av Villmarksvegen. Så er det tungtrafikk med tømmerbilar og transport frå Arbor i Hattfjelldal.
– I våre dagar er også helgetrafikken til hyttefolket merkbar. Fredag ettermiddag, og delvis søndag, er det stritt med bilar nokre timar. Noko tal har vi ikkje, men ein av gutane her satt ein sommardag og kryssa av for passerande bilar. Da han vart lei dette, talte eg meir enn 250, og det på nokre timar.
Vegutbedring
Utpå 1980-talet gjorde John samtalar med vegvesenet i Mosjøen for å få lagt om vegen. Men svaret var klart: Det kosta for mykje. Da vegen vart forsterka før asfaltering, ville dei på gården få vegen senka litt. Også det vart for dyrt, med den følge at vegbiten gjennom tunet ikkje vart steinsett.
– Dette merkest med at dekket sprekk opp. Ikkje berre er det ulempa med bilveg tvers gjennom tunet. Også vegen i seg sjøl er forringa.
Det høyrer også med til historia at eit stakittgjerde med port måtte rivast, da vegvesenet meinte det stod for nært vegen.
– Også no vart det eit spørsmål om kem som egentlig eigde grunnen, kor breitt belte som gjaldt. For vel nok hadde alle gårdmennene gitt fri grunn til vegformål da kring 1910, men det var ei anna tid med andre krav. Og noka erstatning for utvida veg har aldri komi på tale.
Dette seier John Reinåmo, som saman med kona Bjørghild er «kårfolk» i gammalstua. Utan stakittgjerde, men med snø- og sølesprut når veret er slik. For trass i at fartsgrensa er sett til 60 kilometer, er det meir enn ein bilførar som glømmer å slakka ned frå 80 på rettstrekka gjennom gårdstunet.