Som av dei eldste folkegruppene i Skandinavia hadde sørsamane tilhald sør for Saltfjellet. Livberginga endra seg utover i vikingtida og mellomalderen.
Allsidig jakt og fangst var framleis det som livnærte samefolket, men etter kvart stod villreinjakta fram som den viktigaste. Her var store flokkar rein på vandring, og samane følgde dette trekket. Dei årlege rutene var nokonlunde dei same, og familiegrupper av samar ordna seg slik at dei delte landskap og naturrikdommane seg i mellom. Innom kvar gruppe var det arbeid etter evne og tildeling av goder etter det ein trong. Naturreligionen stod sterkt, og niejtien var mellommann til guddommen, tilliks kunne han hjelpa til ved sjukdom eller skader.
Sijte, marknader og handel
Ordninga med den økonomiske og sosiale sijte bar i seg føremoner for alle partar. Med dette kom det sjeldan til alvorleg ugreie med nabogruppene, og folket kunne nytta tida på fredeleg vis til livberginga. Såpass ut i grenseland for livsopphald var dette nødvendig. No voks det frammøteplassar til faste årstider, der handel var hovedverksemda, og med sosialt samkvem og utveksling som naturlege følger.
Til slike martnader kom også folkegrupper utanfrå: Dei norrøne folka som budde ved kysten, i fjordane og etter kvart i dalane. Kjent frå vikingsoga er Torolv Kveldulvsson sine finneferder. Han rusta ut til byttehandel med samane på Indre Helgeland, frå sitt høvdingsete ute på Sandnes. Fremste vara frå samane var skinn: Av mår og ekorn, men også rein. Dette var høvdingane sine eksportvarer sør til andre land.
Samane levde i full fred med naboane og hadde respekt med seg: Harald Hårfagre skal – etter det sagaen seier – hatt ei kone, Snøfrid, som var dotter av finnekongen Svåse på Dovre. Det vart slik også slik at etter rikssamlinga av Norge kunne kongane ta seg ferder til samane og kreva finneskatt. Samane var bortimot fullverdige borgarar av riket.
Jaktbytte
Som nemnt var villreinen hovedbyttet. Samane fann ut glupe måtar å fanga den på, med ledegjerder, groper og skytestillingar. Dette hadde sikkert vori kjent før, men no utvikla i så stor grad at ein trur dette tok hardt på villreinstammen. Kan henda var dette årsaka til at sørsamane ut på 1500-talet gjekk over til å ha flokkar av tamrein. Slike fangstanlegg finst det fleire av også i vårt område: Bogastelle i Vesterfjellet og elggravene i Korgen er to eksempel.
Bjørnen hadde ei særstilling i samane sin verden. Den vart rekna som eit heilagt dyr, og rituale omkring den var deretter. Ein same som bar eit bjørneskinn, hadde stor respekt i flokken, heiter det i eit minneskriv frå Vapsten rett over grensa frå Hemnes.
Mot andre tider
Fram på 1400-talet gjekk det mot ei merkbar klimaendring, som voks fram mot det som er kalla «Den lille istid» i 16-1700 åra. Dette påverka naturen mykje og gjorde livet merkbart hardare, også for fjellfolket. I tillegg hadde kongemakta styrka seg, slik at frå 1660-talet var det einevelde og hardt styre med auka skattar, strengare straffer, krav om full oppslutning om den kristne trua og slik bortetter. Alt dette gjorde at sørsamane sin situasjon vart tildels svært vaskeleg, og deira stilling i samfunnet svekka.