Da villreinstammen minka sterkt, verlaget skifta til det verre og rovdyrplaga voks, gjekk sørsamane etterkvart over til å halda halvtamme reinflokkar som dei gjette. Men andre vanskar auka også på.
Frå før hadde familiegruppene hatt tamrein til frakt og melking. Med pulk og kløv til marknader, eller ved flytting etter jaktområde. No vart det også heilt vanleg at reindriftene hadde tilhald alt frå svenske skogar til ut i havgapet strekninga Helgeland-Fosen. Melka var saman med kjøtt og fisk viktigaste næringsemnet. Kjøtt, ost og skinn var etterspurt handelsvare.
Bumennene kjem
Frå 1600-talet og utover vart det jamt tatt opp ny jord opp gjennom dalane. Også heilt i fjellet hadde bøndene slåttemyrer og seterdrift. Dette, saman med reinbeiting på innmark under flytting, gjorde at motsetningane voks. Lokalt kunne det stundom gå heitt for seg, trass det gode handelsbytte ein hadde før. Det hende fleire gonger at styresmaktene, eller også store landeigarar, stod for nedslakting av reinbuskap; som eksempel i Røros-området. Her stod sørsamane veikt, sjøl om danskekongen ved eit tilfelle gjorde særvilkår for dei.
Grenselandet
Uklare grenser mellom Danmark-Norge og Sverige førte til at ein kommisjon under major Peter Schnitler var i verksemd på 1740-talet. Protokollane derfrå fortel mykje om korleis sørsamane levde dengong. Schnitler brukte dessutan samar som kjentmenn då grensa vart dregen. Dette førte til at eit tillegg til grenseavtalen vart inngått mellom nasjonalstatane: «Lappekodisillen» av 1751. Her fekk samane høve til å driva med rein på begge sider av grensa, men folka måtte velga statsborgarskap i eitt av landa. Trass i mange avtalar seinare, finst det juristar som meiner denne hovedavtalen framleis gjeld.
Utover siste del av 1800-talet greip styresmaktene inn fleire gonger med nye konvensjonar – avtalar – der det kvar gong førte til vanskar for reindrivarane. Det gjaldt beiteområde, inndeling for drivvegar, talet på rein, slaktestader. Og særleg dette med ansvar for gjeting så ikke reinen gjorde skade på beite og innmark for bøndene.
Ved eitt tilfelle fekk kommunane høve til å nekta reindrift. Heile 33 kommunar i Midt- og Sør-Norge sa nei til slik næring.
Ny tru
Pietismen voks fram på 1600-talet. Danskekongen tok dette til seg. No vart det slik at også nomadefolket skulle ta den kristne trua. Frå Nidaros leidde Thomas von Westen ei omfattande misjonsverksemd, med Hans Skanke og Lorenz Dass som hjelpesmenn i Namdal-Helgeland. Her gjekk det meste fint for seg. Westen meinte samane skulle ha undervisning i trua på samisk, og skoleverksemd vart sett i drift alt rundt 1720-30, da i Mosjøen. Nokre år seinare også i Hattfjelldal. Faste skolar vart oppretta, men omgangsskole var også vanleg. Etter kvart kom påbod om gudstjenesteplikt, og små kapell vart bygde i samelandet. Men overtrua skulle bort. «Troll-tromma», som nåejtien brukte, var Djevelen sin redskap, og vart samla inn og for det meste ødelagt.
Skolegangen var ellers berre knytta til kristendomsopplæring, og tapte seg til utpå 1800-talet, da det «nye» Norge skulle byggast. Frå den tid av var det norsk språk som gjaldt.
Raseteoriar
Frå midt på 1800-talet voks sosialdarwinismen som ei sterk grein i vitenskapen. Også reine raseteoriar vart sett fram. No stod samefolket veikt, og det vart gjort klåre overgrep mot dei, såvel i forskninga som i samfunnsdebatten. Det vart sagt og skrive mykje om at dette nomadefolket var mindre intelligente, dei kunne aldri nå opp i nokon sivilisajon eller utvikling, så dei burde så snart som råd bli tatt inn i nasjonalstatane som fastbuande borgarar, helst med vanlege yrke, levemåte og framfor alt: Språk.
Ein del av tilpassinga var alt i gang, for mange sørsamar hadde lenge søkt til bygdene for sitt utkomme. Ikkje få hadde fått seg eige nyreisingsbruk, tatt seg tjeneste på gardane, eller vart skogarbeidera eller handverkera. Mange fekk seg arbeid under skoginga i Vefsn under Engelskbruket, og seinare er kjent at i familien til den no velkjende Klemet Persson var det fleire dugande hogst- og fløytarfolk.
I debattane kring unionsoppløysinga i 1905 var samespørsmålet meir framme enn vi idag ber tru på.
Den nye staten trong klåre linjer.