Sørsamefolket møtte mange vanskar på 1800-talet og ut over det neste hundreåret. No kan det synast som ny respekt er vunnen, i kraft av eigen innsats, Alta-saka og FN sin urfolkskonvensjon.
Med nedstempel frå rasetroriar, motsetnader til bygdefolk, påtrykk frå styresmaktene og kamp mot naturkrefter kunne det sjå ut til at dette naturfolket måtte vika plassen for godt. Men det fanst einskildpersonar som stod fram for fellesskapet.
Eigen organisering
Offenleg debatt om sørsamane innom forhandlingane om eit fritt Norge i åra rundt 1905 fekk opp interessen frå breie lag av folket ellers. I følga av dette voks tanken fram om samling og organisering. Etter spreidde forsøk i Sverige var det først ved eit stormøte i Trondheim 1917 at grunnlaget vart lagt. Den driftige samekvinna Elsa Laula Renberg arbeidde sterkt for å få samefolket samla, slik at ei felles røyst kunne høyrast i samfunnsdebatten. Til samiske landsmøtet i februar dette året kom godt over 100 delegatar, frå nord og sør, med gjestar også frå Sverige. Møtet tok opp dei tre mest brennande sakene: Rett til land og vatn, altså næringsdrifta, utdanning for barna, og samisk som godteke språk, også i opplæringa. Laula leidde møtet. Med seg hadde ho heile 40 kvinner.
Møtet vart spira som grodde til mest all seinare organisering. I 1921 vart det vedtatt å bruka namnet same om alle desse folkegruppene, men dei tradisjonelle namna lapp og finn heldt seg heilt opp til våre dagar.
Krevande tiår
Fram til utpå 1960-talet gjekk livet i bølger også for sørsamane. Det gjaldt konflikter med storsamfunnet om beiteareal, nyryddig, vegar, kraftutbygging og liknande. Fleire større rettsaker vart førte, ikkje alle vunne. Organisasjonslivet hadde sine vanskar, da folka budde spreidd, måtte setta næringsarbeidet først, og økonomien var svak. Forsøk på å halda eigne fagblad og aviser i drift stranda. Fleire periodar med store reintap som følge av ulveår, sjukdom i flokkane og beitevanskar under harde vintrar. Under Andre verdenskrigen mista fleire drivarar mykje rein, da tyske soldatar tok for seg til mat.
Etterkvart kom fleire av dei yngre til å søka mot storsamfunnet, tok utdanning, flytta til sentrale strøk og vart mindre opptatt av sin heimkultur og levemåte. Med dette tapte også språket, så sjølv om tilbodet kom om opplæring på eige språk, så var det norsk som vann fram. Dette kom også tilsyne med klesdrakt, husvære og tilslutt heile væremåten. Mange «slutta å vera samar», kort og godt.
Frigjeringskrefter
Kanskje kan ein seia at 1970-åra, med si politiske og sosiale frigjering i storsamfunnet, også hadde sitt å seia for sørsamisk oppvakning. I alle høve skjedde det no bedringar. Innafor skoleverket hadde sameskolen i Hattfjelldal no fleire elevar, Snåsa stod fram som ein samekommune, og heilt sør i Elgå var det organisert undervisning i samisk språk og kultur.
Etter Alta-saka 1981 kom samespørsmåla på høgste dagsorden. Eit eige utvalg arbeidde fram Sameloven, vedtatt av Stortinget i 1987. To år seinare vart Sametinget åpna, med representantar også frå sør.
FN stødde ein internasjonal urfolkskonvensjon kring 1990, og Norge skreiv som første stat under på denne. Samefolket hadde endeleg offisiell status. Dette vart på ein verdig måte stadfesta da kong Harald i 1997 ved åpningstalen av Stortingssesjonen bad samefolket om unnskyldning for den harde linja staten tidlegare hadde ført mot dei.
Kunst, kultur og politikk
Sørsamisk kunst er heilt i fremste rekke no. For kort tid sidan laga Rivojen Jørgen Magnus frå Hemnesberget ein bispestav, på tradisjonsgrunn i valg av grunnemne og utforming. Staven er no ein del av seremoniutstyret ved Nidarosdomen.
Ledande samar på Sør-Helgeland, med Anna Kappfjell Jakobsen i front, fekk i 1987 oppretta Sijti Jarnge; eit samisk kultur-og utviklingssenter i Hattfjelldal, med arbeidsoppgaver innenfor sørsamisk historie og kultur. I etterkant av dette følgde eit sørsamisk teater, Åarjelhsaemien Teatere. No driv dette teatret framleis for fullt på prosjektbasis, mellom anna med stor kraft i det suksessfylte Klemetspelet i Hemnes.
Lars Dunfjell fekk i si tid Nordland Fylkes kulturpris for sitt arbeid med samesløyd, og Gustav Kappfjell var dugande i joiking, og gav ellers ut diktsamling.
Tre kjente sørsamar frå Helgeland har hatt sete på Sametinget: Leif Elsvatn, John Kappfjell og Einar Lifjell. Einar gjekk bort i 2002. Han var talsmann for reindrifta.
Kilder: «Samer sør for midnattsola», Leif Braseth
Wikipedia, div artiklar. Private informantar