Frå 1850 og fram til dei siste tiåra har ein trudd at sørsamane kom til det sørlege Norge som ein del av samefolket nordpå, for kanskje 12-1500 år sidan. Nyare forskning ser ut til å endra dette historiesynet.
I første rekke er det dei nye metodane med DNA-sporing som gir ny viten. Ved i tillegg ta i bruk nyvundne analysemetodar for øvrige kilder har forskarar kunne legga fram andre teoriar om samefolket: Kvar dei kom frå, korleis vandringane har gått, og kva som har halde dette folket såpass etnisk samanstøypt som tilfellet er.
Sørsamisk område
Ut frå arkeologiske funn seier forskninga at området i førhistorisk tid strekte seg frå det som no er Saltfjellet sør til Elverum, vestover til Buskerud, det meste av Trøndelag og heile Helgeland. Også store delar av Sverige i same nord/sør-akse. I våre dagar er området rekna der samar har reindrifter, som derfor er mindre og knytt til tamreinbeita: Storparten av Helgeland, mykje av Nord-Trøndelag, det indre Sør-Trøndelag og litt i nord i Hedmark. Elgå kan vera grensa no.
Dei først innvandrande gruppene var reine fangstfolk som levde av fisk, vilt, bær, urter. Folket hadde redskaper og våpen av stein, bein og tre. Framover i årtusena finslipte dei teknikken med desse råmateriala, og gjennom samkvem og handel skaffa dei seg etterkvart nye materiale, først og fremst jarnet, og seinare i mellomalderen skytevåpen.
Språk og generK
Kva ligg til grunn for at ein i dag kan rekna ei av desse eldste innvandrargruppene som samar? Her er det minst fire kildegrunnlag vitskapsfolka stør seg på. Arkeologiske funn kan visa samanheng mellom dei eldste funn og slike ein kan knytta til nyare tid, stader og samar som brukargruppe. Historiske kilder frå hellensk og romers tid, perioden frå 500 år før vår tidsrekning og til 500 år etter: Her er nemnt at i innlandet i det som vart kalla Scandia – og kanskje også i det som no er Polen – levde eit fattigsleg folk, utan heimar og våpen, kledd i skinn og vart kalla phinnoi eller fenni . I det snødekte landet tok dei seg fram på trefjøler, no vart dei kalla scereefinni.
Dette kan stø under funna dei seinaste år når det gjeld DNA-prøver. Her er det klårt at sørsamisk arv ligg i stammar av folk som har vandra frå såvel det sentrale Europa, over Tyskland til Skandinavia, som greiner frå aust, til det ein spora som området Ural. I dette siste ligg også språkarven, som nokså tydeleg peikar frå Ural mot Skandinavia, men også greiner mot Baltikum/Polen.
Påverknad og utvikling
Ut frå dette kan ein sjå for seg ei folkegruppe som gjennom vandringar og tusenår har tatt opp i seg språk og genarv frå møtande stammar, komne fram til det indre Skandinavia og sidan hatt tilhald der. Nye innvandrande grupper – som ein reknar mest frå germanske stammar – kom mest sjøvegen, hadde med seg kunnskap om metall, åkerbruk og feavl. Her har vori tydeleg kontakt og utveksling, men i mindre grad genetisk påverknad. Dermed kan vi i dag rekna sørsamane som av dei opphavelege folkegruppene som kom til våre område etter istida, og har hatt tilhald her sidan.
Kilder: «Samar sør for midnattsola», Leif Braseth
«Flateyarbok», sagalitteratur
Wikipedia, div. artiklar