Om ikkje ungane fekk grundig vask og ny klesmundur til jul, kunne denne «geita» gjera inngrep.
I lia eit kort stykke ovafor gårdshusa i Leirvika ligg ein stor stein. Her var det dette dyret skulle ha tilhald, i alle fall i adventstida. Asbjørn Leirvik voks opp med fortellingane om fabeldyret:
– Det hadde seg slik, sa dei eldre, at nokre dagar før jul kom Julgeita til bygda, visstnok frå Russland ein stad. Så budde ho i denne steinen, men kom fram til gården i eitt særleg ærend.
Lille jule-aftan var det nemleg vaskardag. Alle skulle i stampen. Det skulle skrubbast og reinskast både her og der. Kanskje ikkje alle ungane likte denne handsaminga. I alle høve: Nett denne dagen for Julgeita om kring og gløtta i vindauga. Ho skulle sjå til at vasken gjekk som den skulle, og at ungane fekk noko nytt av kledeplagg og ha på seg.
Og så var det slik at om ikkje dette gjekk rett for seg, da kom geita til å ta ungane.
– Ikkje fekk vi greie på kva dette ville seia, kva ho skulle gjera med oss og slikt. Men vi hadde respekt for Julgeita, utan at vi var direkte redde for ho. Det hende vi lura oss opp til steinen for å sjå om det var spor i snøen etter ho, men aldri såg vi noko.
Av utsjånad meinte dei eldre at Julgeita hadde både horn og skjegg, og det merkelege var at ho hadde ei kjøttside og ei side av stein. Derfor var ho ikkje råd å få auge på når ho heldt til i steinen.
Og resten av året låg den der, berre som Julgeitsteinen.