Ved låg vass-stand i dei regulerte vatna denne sommaren kunne interesserte vandra så godt som i fotspora til folka som heldt til der for fleire tusen år sidan.
Gresvatnet vart oppdemt med 15-16 meter ein gong på 1960-talet. Heldigvis vart det gjort grundig arbeid med å finna spor etter menneskeleg verksemd i området før dette skjedde. Sjøl om det meste er utvaska no 50 år etter, kan det gi ei kjensle av verkeleg «steinaldeliv» å gå langs strendene ein seinsommardag.
Det meste er berre stein
Frå Gresvassdammen og innetter mot Oksfjellhumpen er det normalt trongt ned til vatnet. Sommaren 2016 var vasslinja meir enn åtte-ti meter lågare; ned mot stranda slik ho var før oppdemming, og dermed kanskje nokonlunde slik den var for lang, lang tid sidan. Slik sett var det no ei flate å gå, steinsett og med grønne vollar innimellom, dessutan utsyn til grunne område like utafor. Her veit vi no at folk hadde tilhald for meir enn 7000-8000 år sidan.
Tankespinn
På ein slik dag, i slike omgivnader, kan tankane få spelerom til å laga spennande fortellingar. Ein ser formasjonar, i stein og med stein, som kan få handfaste uttrykk. Her kan vera bustader, bålplassar, telt eller køter. Til og med folk som sitt eller går, ungar som leikar – ein kan i somme høve nesten høyra mannemål og lydar frå det som går føre seg. Ein indre video, delvis lydsett, frå tusener av år tilbake.
No er det å leita i strandlinja. Stein, javel. Men berre tilfeldig stein? Er det noko anna å sjå? Fantasien gjer sitt, og ein stein er brått ikkje lenger ein stein. Den er blitt til noko anna. Ein gjenstand: Her er bålplassen, og der er steinane som i oppvermd tilstand kunne varma vatn, eller langtidskoka matvarer som reinskjøtt. Der er ein kniv, ei skrape, ein leike… nei, no blir alt litt for vidtfarande. Men spennande.
Opp, opp
Som folka i dei farne tider: Det gjeld å koma seg opp, få oversikt. Streva seg i høgda mot fjellet så utsynet bedrar seg. Da ser ein alt – nesten. Og det er vakkert, trass i at strandlinja no er høgare, og steinstranda blir vid. Men i fantasien kan ein la plantedekket strekka seg utover, slik at ein i dag ser omtrent det same som folka i dei farne tider såg: Vide vatn, høge fjell, snø og is. Her er luft, fri natur, med plantar, fisk og dyr. Her er mat. Her er verande. Her kan vi bu.