Føttene fungerer ikkje like godt som da han gjekk milevis kvar dag som reingjetar. Men Sten Renberg tar gjerne ein tur i marka som kjentmann.
Ein høveleg haustdag, med stille ver, lettskya og mildt. Sollyset gir naturen eit ekstra strøk i fargane som no er på sitt sterkaste. Fremst sig ein kortvokst gubbe i roleg fart. Han fotar seg trygt i terrenget, og prikkar i bakken med seljestaven.
– Greit å ha ein tredje fot, særleg når bekkar skal kryssast. Og selje er beste treslaget. Staven blir ekstra seig og tåler mykje.
Sten Renberg er ein mann av og i naturen, og fortel mangt og mykje ettersom dagen skrir fram.
Oppdrag køtaplass
Området Bjørkåsen sør for Tverberget og vest for Tustervassdammen er kjent for samisk tilhald i uminnelege tider. Sjøl har Sten trødd nærsagt kvar haug og myr her, og tatt til seg kunnskap frå sine forfedre. No er det snakk om å finna att køtaplassar og andre spor etter samisk verksemd.
– Trur vi tar arbeidsvegen for linja frå Tverberget, den Torbjørn Svartvassmo bygde på 90-talet. Greit å gå der.
Og her er lett å ta seg fram, i fleire kilometer sørover, nært kraftlinja. Nett i skogbandet går linja over ein haug med namnet Middaghåjen.
– Her skal vi sjå, seier Sten. Og han kikar og går, skrevar til side, blir borte i småkjerret, men er straks tilbake. Så finn han oppkommet, kildevatn.
– Nært slike finn vi ofte plassane. Og rett her borte er eit spor vi kan tru er eit hol der dei hadde mat og melk til oppbevaring. Ei matgjømme.
Tett under haugen pekar Sten ut ein klår snaurydning på seks-åtte meter, med nokså tett småbjørk i ring rundt.
– Dette er melkarplassen. For mange år sia fanst det restar etter eit gjerde av bjørkstrangar her. Alt er rotna no.
Mat og bustad
På ei slette kanskje hundre meter unna finst steinar i eit mønster, som kan tyda på bustad. Sten meiner dette er køtaplassen, men har sjøl ikkje sett andre restar, eller høyrt sikkert om dette er rette staden.
Da blir det greiare ettersom ferda går vidare sørover, ut over dei slake små åsryggane på sjølve Bjørkåsen. Der stansar Sten og etter få augneblikk peikar han med staven:
– No er vi på ein køtaplass. Tørr, fin botn, trivnad i terrenget, utsikt mot Geittinden. Vasskilde nært her og.
Det som stadfester mest, er nok den låge, men tydelege jordvollen i ein oval ring.
– Etter det Arne Tuven fortalde, skal det ha vore minst åtte køtaplassar i området.
Sten ledar videre, og etter ein dryg halvtime er det det avdekka kanskje tre nye slike bustadstufter, men ikkje like tydelege som den første.
Som turen går gjennom kjerr og søkk, gjer Sten ein stopp no og da. Ved eit bekkesig tar han fram kniven.
– No skal eg ha med frisk kvann heim, seier han, og snittar av stengel og blomsterstand frå denne kraftige planta. Stengelen blir knust og kokt i lag med kjøttsuppa. Vitaminrik kost for fjellfolket.
– Om du finn rosenrot , kan du koka blada til ein seig masse. Dette er rein medisin for mellom anna mageplager. Og rota? Jau, du veit… den kan vel vera godt for noko den og…!
Som eit særsyn kan Sten visa fram fleire furuer, ved Tustervatnet, som har tydelege spor av barktak.
– Dette er langt over hundre år gammalt. Samisk tradisjon var å skava eit enkelt stykke innerbork av furua, eit stykke over bakken. Dette vart tørka og knust til pulver, og strødd i kjøttmaten vinterstid. Ei sikker vitaminkilde.
Reingjetar all si tid
Sten Renberg voks opp i ei lita stue ved vegen i Halvardalen. Foreldra hadde reinhjord, som deira foreldre igjen og slik attover. Namnet Renberg kom inn gjennom svensk gifte, da den kjente samekvinna Elsa Laula frå Renberget slo seg i hop med Tomas Toven.
– Vi flytta ut kvar sommar frå eg var fire år. To-tre år seinare fekk eg mine eigne kalvar, og slik voks flokken min fram.
Renbergfamilien hadde sommarbeite mest i Lifjellet, kalving i Innerbotnen, sommarbeite på Dønna.
Samling og slakting ved Tustervassdammen. Svært mykje farting, gjeting og passing.Flokken talde opp mot tusen dyr på det meste. Men storsnøvinteren 1975-76 strauk det med svært mange. Eit sviande tap.
– Fram til langt ut på 1980-talet var det berre føttene som gjaldt. Til fots om sommaren, på ski om vinteren. Du verden, eg har mange, mange mil attom meg. I periodar fire til fem mil kvar dag i sanketida på hausten.
Sten peikar ut tre faste trekkruter for reinflokken i dette området. Ei av rutene er nyleg opptrødd av ein flokk.
Med dette kan ein lett forstå at arbeidet sleit på kroppen, og tilslutt vart det ikkje muleg for Sten å driva som før. Einaste dotra er gift i Finnmark og driv der. Derfor selde Sten ein del av sin beitepart til familien Anti, som no har rein i området.
– Men eg har no tre-fire bukkar som husrein. No går dei i Klubben og gjer seg feit. Periodevis har eg dei heime til framsyning for folk på besøk. Turistrein, ser du!