I desse skulestarttider, med forventningsfulle nye elevar, skulebind og nytt eller gammalt pennal, nye rektorar og skulesjefar med budsjett, foreldremøte og læringsmål, skulemat og dokumentering av halvårsplanar, er det lett å glømme lærarane og det dei skal drive med, nemleg undervisning.
For å vise at vi i Avisa Hemnes bryr oss om lærarane, og for å vise at vi skjøner at det kan bli litt hektisk å få planlagt undervisninga desse første vekene av eit nytt skuleår når planleggingsdagane er timeplanlagt med alt mogleg anna enn planlegging, fleskar vi til med eit fiks ferdig undervisningsopplegg. Det kan brukast i fag som til dømes norsk og geografi, og på fleire trinn, og er du ikkje lærar eller elev, kan det hende du kan finne det litt interessant likevel. Om ikkje anna får du ein god hugseregel.
Her kjem det, og på fint heiter det litterær onomastikk.
Innfallsvinklar
Kva funksjon har stadnamna i skjønnlitteraturen? Er dei berre adresser, eller skal dei seie oss noko? Ta til døme Skoddeheimen i Olaug Nilssens Vi har så korte armar. På baksida av boka står det: «I Skoddeheimen er det fint å bu, synest dei som framleis bur der. Men Ølgjer og Liv har reist derifrå, dei vil begge til byen»: Kva seier dette om hovudpersonane si haldning til staden? Kva fortel førsteleddet Skodde- om konnotasjonane ein kan få til staden? Eller Grønland i soga om Eirik Raude, her dette stadnamnet første gong førekjem i ei litterær kjelde? I soga står det følgjande om namnegjevinga: «Den sommeren dro Eirik av sted for å bygge og bo i det landet han hadde funnet, og han kalte det Grønland, for han sa det ville gi folk lyst til å reise dit om landet hadde et godt navn».
Det er mange innfallsvinklar til temaet stadnamn i litteraturen. Samstundes som ein tek opp andre tema i lesinga av skjønnlitteraturen kan ein òg sjå på korleis val av stadnamn influerer på innhaldet. Er det fiktive stadnamn, eller er dei henta frå den verda vi andre omgjev oss med? Direkte semantikk? Indirekte semantikk? Andre funksjonar?
Per Thomas Andersen skriv om stadens funksjon i litteraturen i boka Identitetens geografi ? Steder i litteraturen fra Hamsun til Naipaul, som kom ut i 2006. Her fortel han om omgrepet «litterær geografi», som handlar om fiktive stader og verkelege stader i litterære verk.
Fjordgata – meir enn berre ei adresse?
Då eg studerte nordisk litteratur på slutten av 90-talet, var forfattaren erklært død. No har han kvikna til liv igjen, og det er igjen stuereint å oppdage spora etter han i litteraturen.
Andersen skriv i kapitlet om Cora Sandel dette:
Man kan diskutere hvorvidt småbyen i Alberte og Jacob er Tromsø eller ikke. Det er ikke sikkert det er så interessant. Kanskje er det like interessant som å diskutere hvorvidt Aksel Sandemoses Jante er Nykøbing Mors. (Andersen 2006: 47)
Andersen fortset med å skildre kor meiningstynga staden er i desse to romanane, og han tek for seg fleire lokalitetar som Adamsens låve og Fjordgata. Men eg blir skuffa fordi han ikkje går til bunns i saka; kva meining er det som ligg i namnevalet? Kva symboliserer Fjordgata?
Går vi inn på kartverket.no og søkjer Fjordgata, finn vi ut at ho finst i 18 norske byar. Det er vel ikkje tilfeldig. Sandel vil nettopp indikere at handlinga kan leggjast til kva norsk by som helst, tenkjer eg. Ved å velje eit slikt vanleg, uoriginalt stadnamn, gjer ho det samstundes tydeleg at tematikken er allmenngyldig.
Ein litteratursjanger står i særstilling når det gjeld stadnamn, og ikkje minst kor viktige dei er for handlinga, og det er nettopp islendingesogene. Moderne og tradisjonelle memoreringstips går ut på å bruke stader som knaggar å henge kunnskapen på. I ei tid der den munnlege traderinga var den einaste distribusjonsforma for litteratur, var det heilt klart essensielt med stader og stadnamn for å drive fram handlinga. Der skjedde det og det, derfor heiter det så og så ? eit enkelt, men godt, memoreringsråd.
Om islendingesogene er sanne, eller om dei er fiksjonelle, har vore diskutert opp og ned, men det har ikkje så mykje å seie for norsklærarane lenger; no er sakprosa og skjønnlitteratur sidestilt i litteraturundervisninga, og kor ein vel å plasserer sogene, er ikkje lenger så interessant.
Men kor blir det av dei fiks ferdige undervisningsopplegga, tenkjer du? Her kjem dei:
Forslag til oppgåver
– Stadnamn i sakprosa: Ta for dykk reiseguidar for eit land eller ein by i utlandet. Finn same reiseguiden på eit anna språk. Omsetjngar? Andre ting? «eufemismar»? t.d. Rosenes by?
– Kreativ skriving: Skriv ei forteljing der stadnamna speler ei memoreringsrolle. Lær deg forteljinga utanboks og framfør ho for klassen. Seinare: La ein medelev gjenfortelje denne soga. Kor mykje vart borte på vegen?
– Lyrikkanalyse: Vel deg ut eit dikt der stadnamn opptrer. Kva funksjon har namna her?
– Kreativ skriving: Skriv eit dikt der stadnamna ber alliterasjon, assonans eller andre språklege verkemiddel. Notér i margen kva du har tenkt.