Oppfinnsame unge menn fekk kjenna lovens lange arm da lensmannen uventa dukka opp ved produksjonsstaden. Vi finn historia i eit notat frå ein tidlegare politimann.
Dei harde trettiåra har vi høyrt mykje om. Og magert var det for mange, kanskje særleg dei som budde i utkantane der det var lite småarbeid å finna.
Ved Røsvatnet budde to yngre karar; vi kan kalla dei Jonas og Guttorm. I sin trong til å gjera noko med den trøstelause situasjonen og tom pengebok, bad dei om løyve frå faren om å få låna det gamle produksjonsutstyret etter bestefaren; dette hadde legi ubrukt lenge. Dei ville no laga nokre dråpar av «livets olje», til forsiktig salg for påkomne kundar.
Øvrigheita har lange øyrer
Men faren angra seg nok; han var ingen kokar sjølv. For sitt indre auge såg han for seg kva som kunne henda om dette kom opp i forbudstida som no gjaldt. Derfor gjorde han seg ærend til Hattfjelldalen, der lensmannen for området heldt til. Han spurte der, liksom ganske tilfeldig, om han hadde tenkt seg nordover med det første?
Kanskje låg uroa tjukt utanpå han, for lensmannen fatta mistanke, og gav melding til Høyberg frå statspolitiet, som var der nettopp på denne tida. Høyberg var kjent som særleg grundig i si gjerning, og tok av garde med den lokale hjelpesmannen.
Der sprakk opplegget
No visste ikkje dei to lovens menn akkurat staden for ei aktuell ugjerning. Dei sette seg derfor på ein rabb med bra utsyn nær gården dei visste det måtte gjelda. Og dei fekk lønn for strevet, for ein av karane ved bekken måtte heim og henta ein viktig del til produksjonen, og på tilbaketuren leda han da dei uniformerte rett til den hellige bekkekulpen.
Tatt på fersken kunne ikkje Jonas og Guttorm anna gjera enn å sjå på at lensmennene, etter å ha signa arbeidet, slo ut såvel ferdig vare som ventande sats. I satanisk glede tok dei så kokgryta og delja den i berget så ho sprakk.
–Må ‘kje slå sund gryta hass far! kvein Jonas. Men til ingen nytte. Gryta vart totalskadd. Alt låg no i grus. Og kva med framtida?
Dommedag
Rettargangen enda med eit valg mellom tjuge kroner kvar i bot, eller to veker i fengsel. Da dei ikkje hadde nåla i veggen, vart det ordna slik at Jonas som var ugift måtte gå i fengsel. Guttorm, på si side, var gift og hadde stua full av ungar. Men svigermora forbarma seg over familien. Han fekk sine tjuge kroner, så slapp han ut av klørne til øvrigheita.
Jonas hadde no likevel motet og humøret på plass, for han ytra seg i fortrøstning slik om dei neste vekene heimanfrå:
–Det ska no bli ein ‘ral tur!
Grytelaus
Oppi det heile satt no faren att utan storgryta si. Han hadde nok helst sett at Høyberg sjølv hadde kokt i den enn at ho skulle ligga knust ved bekken. Likevel, han såg også med nye auge på framtida, oppe i elendigheita med gutane. Han vart spurt av ein nabo om tilhøvet, og svaret seier sitt:
–Jau, han Tykje kom, så det gjekk fort. Men at dem skull’ knip han Guttorm….»