Denne sommaren føyer seg inn i rekka av sesongar med kraftig vekst i vegetasjonen i skog og mark. Ja, i fjellet også.
Denne veksten, der gress, urter og kjerr sprutar opp frå jorda, bli til hinder for ferdsla, og stenger etter kvart også utsynet. Fotturistar i fjell-løypene får merka dette.
Hemnes turistforening (HTF) har mange mil stiar å halda vedlike. 10–15 medlemmar tar del i dette arbeidet.
– Gruppa deler jobben mellom seg, og vi har funne ut at det skal halda med rydding annakvart år.
Kay Arnt Bjerknesli er ledar i ryddegjengen.
– I år er det Okstindan maraton no ute i august, og den traseen får første prioritet. Ellers er Nordlandsruta gått over frå Raulia til kommunegrensa Hattfjelldal. Den løypa skal vera grei no, men vi har eit vanskeleg område langs skogsvegen opp mot hengebrua over Storelva. Her må vi ta ein prat med grunneigar om kva som kan gjerast.