Siste par vekene før skoleslutt drar det seg til med utflukter for skole-elevane. Mellomtrinnet på Finni gjorde ein god runde ved Sæteren.
Ei sprek og velbudd gruppe på 12-14 elevar stilte opp for bli-kjent-runde i denne marka. Målsettinga var å bruka kart og kompass, finna restar av gamle kulturspor, og ellers sjå og høyra det som måtte dukka opp.
Teori og praksis
Kart er tegning av terrenget. No gjaldt det å finna fram. Det gjekk etter sti og jorde, over dal og myr. Kompassen kom til sin rett: Nord skal vera i nord, ellers nyttar det ikkje.
– Eg kan dette, seier Øyvind.
Han viser dei tre trinn som gjeld ved å ta ut kompasskurs.
– Og eg er kjent her, for vi går elgjakt. Sjå berre på buskane der kor dei har beita!
Folk før og no
Litt innpå marka er det fleire vollar, og brått har gruppa funne ein tur-post ved ein steindunge. Saman med lærarane finn dei ut at det er ei gammal låvebru, og snart kan ein også sjå omrisset av fjøset. Her var fleire husmannsplassar under Sæteren og Grønvika for drygt hundre år sidan.
No held naturen på og tar alt tilbake. Men vi har fortellingane, og dei skrivne kildene; mellom anna samla i «Gard og slekt».
Vandringa innover Langmyra er seig, men så går ein seg på merker etter torvtak; ein kan stoppa og lytta til fuglesongen, måltrasten har konsert i eit granholt, eller ta nærstudie av kartegn og samanlikna med terrenget.
Straks over ein bekkedal finn dei post to, på ein oppmura steinfirkant. Her gjekk den gamle telegraflinja, og steinane er eit stolpefeste. Så er det at Jonas, ein ræser med kart, lurar på om ikkje denne posten ligg feil, at den skulle vore ved ein enda tydelegare steinmur?
Han har heilt rett, og posten blir flytta.
Like nedafor ligg Hjartmoen, tydeleg rydda mark. Her var slåtteland med utløe, og spor etter gammal grøfting.
Rast på Øverjorda
Mat er viktig, og særleg på tur. Ved ei steinhelle i kanten av eldre dyrkamark er det fint å sitta, og snart ryk det av tørrkvistbålet. Frå gammalt kart kan ein slå fast at dette var sommarfjøstomta. Praten går, og snart er elevane ferdig og klar til leik nede på vollen. Da kjem Thor Nikolai med ein bunt rusten ståltråd, og dei finn ut det kan vera gammal hesjestreng.
Dei som har studert saka, kan spekulera i om ikkje nettopp denne vollen var starten på det som vart gården Sæteren, med namn etter slik det var for kanskje 2-300 år sidan: Ei seter.
Seinare går gruppa austover ein traktorveg, og finn tydelege spor etter ein oppmura kjøreveg. Kan det vera del av den eldgamle ferdslevegen mellom Finni og Hemnes?
Bark og bustad
Etter å ha gledd seg over den vakre songen til rødstrupen, går gruppa seg på ei diger furu. Ho er svært høg, har kraftige greiner og ein ruvande stamme. Tre som dette er sikkert minst 4-500 år gamle.
Det som opptar elevane er likevel ei merkeleg revne oppe på stammen, eit «sår» som ser ut til å vera «grodd» igjen. Utan å slå det fast: Det kunne likna spor etter barktaking, ein tradisjon frå samisk tid da innerbarken på furu vart samla, tørka og knust til eit slags krydder til kjøttgryta. Bra med vitamin der.
Sist på turen går gruppa innom den namnkjente husmannsplassen Lillehaugen. Den er tegna på kart frå seint på 1800-talet. No er det klåre steinmurar igjen av stua, og jordkjellaren ligg like ved. Straks nedafor ligg bordrestane av ei løe.
Ned til vegen finn elevane ein av dei svært gamle vegane mellom gårdsbruka og utmarka. Stien er klår og fin, tydeleg enno i bruk, kanskje mest av elgen?
Mange våte og litt kalde føtter kom ned til sykkelparkeringa. Elevane hadde «glømt» å ta støvlane på, og joggesko er ikkje akkurat rette fottyet i blaut utmark. Dette har dei lært til neste gong.