Kvar forsommar fram til ut på 1950-talet var det tømmerfløyting i Røssåga, alt frå Tustervatnet og ned til Korgen. Mange brunsteikte menn måtte tømma støvlane titt og ofte i dei dagane.
I eit notat etter intervju med no avdøde Odd Bleikvassli finst kunnskap om kva som kan ligga bak den storstilte skogsavvirkninga, med tilhøyrande transport på ryggen av Røssåga ned til Korgen:
– Folk hadde nok brukt elva til fløyting også tidlegare, men det var verknaden av første verdenskrigen og auka etterspurnad som sette fart i hogsten. Staten var den store grunneigaren, og svære mengder tømmer kunne hentast i området her, frå Tømmermoen og opp til Tverberget.
Sloging
Ja, heilt frå Røsvassholmen vart det frakta store mengder tømmer. Det skal vera alt frå 1922, etter det Nils Ingebrigtsen kan minnast. Han voks opp på Holmen.
Frå skogforvaltar Otto Bugge finst ei beretning frå 1931, der han fortel om 17 timars tung sleping ved D/S «Kolbein», frå Holmen til Tustervatnet. Der vart det ei «sloging» , som dei sa, det vil seia å dra tømmer i store lenser, enten ved å ro, segla eller ankra opp og dra med eit «slogspell». Det var forresten eldste sønn av Klemet Person, han Per Klemsa, som var fløytarbas her.
Ut frå vatnet vart det fløyting ned til Bleikvassli. I regnfullt og svinkaldt nordvestver, åtte mann nakne til beltet, dei dansa på stokkane og i pausane rundt bålet for å halda varmen. « For fløterne er Røssåga en helvetes elv», seier Bugge. «Nord-Norges vanskeligste og farligste fløterelv»
Parsellmann og tømmerfløytar
Odd Bleikvassli fortalte meir:
– I same tidsrommet, tidleg på 1920-talet, vart det delt av og seld til rimeleg penge mange småbruk frå statsgrunn. Ein god del folk slo seg ned som nybrottsmenn, eller parsellmenn. Så vart det så «visleg» ordna, at areala var såpass knape at det ikkje vart levevegen av jordbruket. Her fanst altså arbeidskraft som let seg leiga ut når det trengtest.
Når staten slik sett fekk bruk for folk til å hogga, kjøra fram, fløyta ned; og seinare rydda og planta ny skog, da var det dei nye småbrukarane som stod klar til å ta jobbane.
Ellers vart det slik at folk frå Brygfjelldalen tok ledelsa for fløyteanbodet som Statens skoger lyste ut. Saras Blix Brygfjeld var ei årrekke bas for dette arbeidet, og han hadde broren Hans med seg, saman med fleire menn frå dalen. Slik sett vart heile fløytargjengen på 10-15 mann ei samling kameratar frå området Brygfjelldalen ? Sørfjellet.
Fullpakka i Stabbforshøla
Idar Brygfjeld er vel av dei siste, eldre karane som tok del i fløytinga. Han har dratt mang ein stokk, og rodd harde tørn, særleg da i dei skummande bårene under den mektige Stabbforsen.
– Her la stokkane seg fast inst i bukta, og vi måtte ro ei lense rundt. Denne drog vi så, med tømmer inni, ved hjelp av ein oppbygd vinsj lenger ned mot Stabbforsgården. Dette verka som eit gangspell, der mannskapet gjekk rundt ein påle der trossa drogst innpå, og sakte kom tømmeret nedover. Ved Kjukkelmoen hadde vi ein løypestreng ut til ein holme der. Da satt vi i ein kasse ut dit, men måtte dra oss i land med handmakt. Nede i sjølve Sjøforsen var det bygd opp ei lita gangbru til ein holme midt uti. Det gjaldt å koma seg så nært tømmerstraumen som råd.
– Vi plagdest mest i «attkjeppan» vi kalla det, eller bakevjene som det vel heiter. Her vart det mykje draging og dytting.
Idar viser fram den enkle redskapen, fløytarhaken, eller «piken» som han heiter her lokalt.
– Festa til ei stong på opptil 4-5 meter kunne vi nå langt ut. Haken hogg vi nedi og drog med, piken ytst var til å dytta frå med.
Idar kan ellers fortella mykje frå livet til fløytarane, om å gleda seg til dette friske arbeidet for eit par veker – eit avbrekk i kvardagen – om hardt arbeid og godt kameratskap, om å læra av veteranane frå tidlegare fløyting, og ikkje minst: Da lønningsposen kunne åpnast.
– Vi hadde god betaling. Eg hadde fem gonger så høg timelønn for dette som for normalt arbeid.
Elva tok liv
Som hellet ville det, gjekk det greit for så godt som alle i fløytarelva. Men i 1926 gjekk det gale med ein mann. Her er sitat frå Nordlands Avis:
« En sørgelig drukningsulykke fant sted i Røsaaen ved Bleikvaslia tirsdag ettermiddag. Parselmann Ingemann Hanssen fra Bleikvaslia og hans kamerat holdt paa aa fløte tømmer i Røsaaen et lite stykke nedenfor Bleikvaslia. Ingemann satte fløterhaken fast i en stor stokk og blev dratt ut i elva, som gikk fossende strid der han var. Det lyktes kameraten to ganger aa faa sin fløterhake fast i Ingemanns klær, men paa grunn av straumens styrke klarte han ikke aa hale ham i land. Og han maatte derfor staa og se paa at elvestraumen førte Ingemann med sig nedover til han forsvant.»
Siste fløytarsesongane
Som unggut på berre 14 år kom Henry Brygfjeld inn på fløytarlaget. Faren Hans var bas på eine elvesida den gongen, rundt 1950.
– Vi fløytte heile Storelva frå Bleikvassforsen og ned, og i tillegg på sidelva Bjuråga her i Brygfjelldalen, kan han fortella.
– Vesle Bjuråga voks seg stor i løpet av ei dagstund, og vi måtte halda på til langt på natt, mens det enno var bra med vatn. Eine året var elveløpet stappfullt, da 1200 kubikk tømmer frå Tømmerhågan skulle ut. Men det la opp i Sagforsen, så vi måtte ha hit ein som kunne dynamitt-sprenging. Det vart åpna med ein bra smell!
I Storelva
Her var det langt, og mange fossar, i tillegg krikar og krokar dit tømmeret forvilla seg og måtte hentast. I Aven kunne det gå fleire dagsverk med å ro ut stokkar frå dei mange avsnøringane.
Forsane var ei hindring, sjølsagt, men faktisk mest vanskar var det i dei større buktene, som ved Stabbforsen og i Rundsela.
– Her kunne tømmeret ligga tjukt, og så tett at vi gjekk tvers over på stokkane. Sjøl med glatt fottøy på sleip stokk gjorde vi turen kjapt, da vi vart trent i balanse og beregning.
Henry legg til at det nok var litt sport i dette med å gå «tørrskodd». Ein slags manndomsprøve i seg sjøl.
Langforshella og Storsteinen
Like ovafor Sjysela ved Sjøforsen er ei oppståande berghelle midt i elveløpet. Her hende det at tømmer kilte seg fast, bygde seg opp i ein dunge og bakom voks vatnet. Da måtte eit par dristige karar la seg gli nedstraums i ein pram, pirka laus det som satt fast. Men da kom også vatnet. Karane heiv seg i prammen og segla nedover, der kameratane stod klar med tømmerhakane og berga dei til bredden.
– Dette var nok det næraste nokon var å hamna i uføret. Men heldigvis gjekk det alltid bra. Og ikkje vart nokon skadd eller klemt heller. Det er no nesten eit under.
Henry seier at far hans fekk slutt på dette, da dei ikkje skulle risikera livet for slikt arbeid.
I sjølve Sjysela ligg ein diger stein, heilt tørrlagt no til dags. Men i flomtida gjekk vatnet tidvis heilt over, og det drog sterk straum ned mot Sjøforsen. Det seiest at ein kunne ro over denne steinen når elva var på det høgste. Vi kan tenka oss den vassmengda som var på flytting da.
Elva bar tømmeret på ryggen; først på 1950-talet fleire tusen kubikkmeter kvar fløytarsesong, som vara 2-3 veker frå St.Hanstider.
Blaut og brun
Fløytarane var naturlegvis i vatn både titt og ofte, og fekk i tillegg sol og mykje frisk luft. Slik sett vart brunfarga i ansikt og på armar djup etter 2-3 veker i fløytarelva. Og ikkje tok dei skade av å gå våte på beina heller.
– Vi brydde oss ikkje med dette, vi gledde oss over arbeidet og samhaldet i gruppa. Og så tjente vi gode pengar, minnest Henry Brygfjeld, som sjølv finansierte eit år på folkehøgskole med dette.
Med utbygginga av kraftverka i Røssåga, med tilhøyrande dammar og tørr elv, tok fløytinga ein naturleg slutt. Heretter vart det transport på lastebilar, etter stadig fleire bygde skogsvegar.