Av og til opplever ein tilfeldigheiter som får ein til å lure på om det ikkje òg kan vere magi inne i biletet.
Av og til opplever ein tilfeldigheiter som får ein til å lure på om det ikkje òg kan vere magi inne i biletet.
I førre nummer skreiv eg at Jan Sande samlar på lokale fuglenamn. Andre spesielle dialektord interesserer han òg, og ein kveld tikka denne meldinga inn frå han:
«Jeg lærte et artig og spesielt ord hos Torfinn Reinåmo for noen år siden, SEBETLØKKÆ. Han fortalte om en kar som for lenge siden lå på Langmoen (der John og Bjørghild bor) og jakta på ulv i dalen ved Reinåga. Da første ulven kom, trakk han av, men skuddet gikk ikke av. Det samme skjedde da ulv nr. 2 passerte. I alt 7 ulver passerte, men børsa klikka hver gang. Da sikta han mot en stubbe og skuddet gikk av! Dette kalte han «sebetløkkæ», at ulven kunne holde igjen skuddet.»
Ikkje mange dagane etter dette møtte eg Ole Roar Sneli på Kaffesiken (kafeen i Bleikvasslia).
– Eg har eit namn til deg, sa han.
– Jaha, sa eg, glad for at spalta mi medfører slike gåvedryss av denne typen.
– Sebeksletta, har du hørt det namnet? Det er ei slette nedanfor Bleikvasslia, som jo ligg i nærleiken av Snelia, og ikkje oppom butikken, slik mange trur.
– Så rart at du nemner det, eg har jusst fått høre dialektordet «sebetløkkæ», svarte eg, og las opp historia Jan sende meg.
– Ja det er same ordet, det må det vere. Sebek (med k) er nemleg eit tabunamn for vargen, ein skulle jo ikkje bruke ordet varg.
– Ifølgje Jan meinte Torfinn at det nok var samisk, svarte eg.
– Nei, eg trur det var norrønt. Det er så gammalt eit namn at eg veit ikkje korleis sletta har fått namnet, men der har heilt sikkert vore ei hending med ein varg.
Tabunamn eller noanamn
Før i tida var redselen for vargen så stor at ein unngjekk å kalle han ved hans rette namn. Derfor tok ein i bruk namn som «den grå», «Gråbein» eller «Gråtass». Brukte ein det rette namnet på dyret kunne ein påkalle han, trudde ein, og det ville ein ikkje. Dette blir kalla noanamn. Noa kjem av polynesisk og tyder «alminneleg, profan» (Store norske leksikon).
Den same strategien brukte ein om andre rovdyr som bjørnen («Bamse», «Den brune»), for ikkje å snakke om den skumlaste av dei alle, sjølve […] (den slemme motparten til Gud)! Denne karen var ein så redd for at han har fått like mange mange namn som ein kan uttale etter kvarandre dersom ein har mista noko riktig tungt på foten. Og slike ord skal ein jo ikkje skrive i bladet, så det gjer eg då heller ikkje. Men de skjøner kven eg meiner.
Eg tok ein telefon til Torfinn og fekk høre meir om denne varghistoria.
– Det var Lars Gabrielsen som skaut etter ulv, og det var då han skaut mot ei tørrgran at skotet endeleg gjekk av. Faren min brukte å fortelje denne historia, og då sa han det var ei «sebetsløkkæ», sa han.
– Ole Roar seier ordet med k ? «sebek».
–Ja det er mogleg det skal vere k.
– Eller at Ole Roar seier det feil. Veit du kva ordet kjem av? Jan sa du meinte det var samisk?
– Ja, eg reknar med det, men eg veit ikkje.
Setelarkivet
Slik er det med gamle, sjeldne ord. Ein kan aldri vere heilt sikker på kva dei tyder, eller kva språk dei kjem ifrå. Setelarkivet til Norsk Ordbok har meir enn 3.2 millionar setlar med oppslagsord frå kvar minste krok i Noreg, folk brukte å sende inn dialektord dei syntest var spesielle, frå 1930-talet og fram til i dag.
«Sebek» er registrert berre tre gonger (i Rana), og då i tydinga «øyværing som fiskar». I overført tyding kan ein vel seie det same om vargen, når han er på jakt, men om det er same ordet kan ein ikkje seie for sikkert. «Sebet» er ikkje registrert i setelarkivet. «Sebek» er elles ein egyptisk krokodillegud, men om det er denne som er opphavet til vårt vargnamn, er vel heller uvisst.
Forslag på forklaring
Viss namnet har norrønt opphav, kan eg tenkje meg at førsteleddet kan ha noko med «seid» å gjere ein slags trolldom, slik vargen i Torfinns forteljing nokså tydeleg må ha hatt evner til å utføre. Kva andreleddet kan komme av, kjem an på om det er «bek» eller «bet» som er rette uttalen. «Beita» kan tyde så mange ting, mellom anna å jakte eller drepe.Det er altså mogleg å tenkje seg eit opphavleg ord «seidbeit», som har med jakt og trolldom å gjere. At i-en forsvinn, er ei vanleg lydutvikling som vi kallar monoftongering, og ein d kan òg slipast vekk gjennom åra, særleg i samband med b, som her. Då får vi til slutt uttalen «sebet», men som så ofte før: dette er berre spekulasjonar.
Magisk sommar
Det kan ikkje vere tilfeldig at det i løpet av berre ei veke er to som har nemnt dette sjeldne ordet for meg, eit ord eg aldri har hørt før, og som er så lite belagt i kjelder som setelarkivet, som elles florerer av sjeldne dialektord. Her er det nok magi ute og går. Og no når eg har nemnt namnet hans så mange gonger og i så mange variantar, er det ikkje underleg om eg treffer på sebeken eller sebeten på fjellet. Og blir det ikkje eg, er det heilt sikkert nokon av lesarane som gjer det, sannsynlegvis på Namskogan. God sommar!