Ein kan bli litt stuss over å snappe opp kjende ord i vilt framande språk, men alt har sin grunn.
Internasjonale elvenamn
Bronse er visstnok blitt populært igjen i interiøret. Mellom 2000 og 500 år f.v.t. var bronse så populært her i Norden at ein har kalla opp heile perioden etter materialet. I bronsealderen fekk Arna utanfor Bergen sitt namn. Dette namnet liknar på elvenamnet Arno i Firenze, elvenamnet Ara i tysk, nederlandsk, spansk og engelsk, og Alba i Tyskland, Frankrike og Spania. I India finst det ei elv som heiter Tamasi, medan i London flyt den kjende Themsen. Korleis kan det henge i hop at namna er så like når verda er så stor og språka så ulike? Jau, det fanst ei tid då alle snakka same språk. Nesten alle, då. Det oppdaga orientalisten William Jones då han studerte sanskrit («mora» til dei mange indiske språka) på 1700-talet; at det var då merkeleg kor likt dette språket var latin og oldgresk; «mødrene» til fleire av dei europeiske språk. Kunne dei vere i slekt? Ja, så menn!
Familieord
Nettopp ord for familiemedlemmer ser ut for å gå igjen i dei forskjellige språka. «Pitar» på sanskrit tyder det same som det latinske «pater», «matar» på sanskrit og «mater» på latin, dei er altså opphava til våre ord for vårt opphav, nemleg far og mor. At P-en har blitt til «f» i norsk, engelsk og tysk, blir forklart med «den germanske lydforskyvinga». Slike viktige ord som er felles for oss alle og ikkje har endra bruksformål gjennom årtusena endrar seg så lite at dei er gjenkjennelege på dei ulike språka. Ein gong har alle snakka det same språket, nemleg indoeuropeisk. Sidan har det gjennom flytting og andre endringar delt seg opp i ulike greiner; først fekk vi urgermansk som sidan delte seg opp i dei nasjonalspråka vi har i Nord-Europa i dag, som sidan har delt seg opp i dialektar.
Folkevandring
Her til lands levde samane og nordmennene side om side, men språka er ikkje i slekt. Eg har meir til felles, språkleg iallfall, med dei afghanske og pakistanske gutane på asylmottaket på Bjerka enn eg har med dei samiskspråklege her i regionen. Grunnen er at samisk er eit finst-ugrisk språk frå den uralske språkfamilien. Dei pakistanske språka sindhi, lahnda og pandjabi, Afhanistans majoritetsspråk pashtu samt norsk, og for den del òg spansk og engelsk, er alle indoeuropeiske språk.
Mange har vel reflektert over kor likt norsk og nederlandsk er. Det er fordi begge er germanske språk, til liks med tysk og engelsk. Fransk derimot, er eit romansk språk, til liks med romani og italiensk, men vi er alle likevel i slekt. Ja, til og med afghanarar, pakistanarar og indarar har ein gong snakka same språk som vi. Eller vi som dei, får eg vel heller seie. For dei som no snakkar norsk har jo ikkje bodd her i landet bestandig. Vi ? eller dei språklege formødrene og forfedra våre – var ein del av ei folkevandring som skjedde eit par hundre år før bronsealderen. Folkevandring er jo slett ikkje noka nytt fenomen, sjølv om media og regjeringa verkar overraska over at det skjer no. Ein gong har Sylvi Listhaug og Siv Jensen (eller dei språklege forfedra deira, då) sjølv komme frå området rundt Syria og snakka same språk som dei.
Arnestaden
Ein skulle tru at når det er så lenge sidan, er det umuleg å vite kor det indoeuropeiske språket oppstod. Men neida, når berre mange forskarar frå fleire land går i hop og brukar statistiske metodar kan dei finne ut det utrulege. Nettstaden forsking.no referer til resultata i tidsskriftet Science, som fortel at forskarane brukte same metode som blir brukt for å finne ut korleis ulike artar er i slekt med kvarandre, men istadenfor genar mata dei modellen med det som blir kalla kognatar ? ord i ulike språk som er i slekt med kvarandre og har same opphav. Resultatet? Indoeuropeisk språk oppstod for mellom 8000 og 9500 år sidan i Anatolia i Tyrkia. Språket vårt stammar altså frå grenseområdet mot Syria. For min del gjer denne tanken at krigen der kjem enno nærmare. Ein gong i tida hadde nemleg vi og dei som no er kurdarane i Syria det same ordet for mor og far.
Gratulerer med nasjonaldagen!
Kjelder:
Norsk stadnamnleksikon (red. J. Sandnes og O. Stemshaug)
Språkenes vandringer (av Victor Stevenson)
Norgeshistorie.no
Wikipedia.no