I eitt sprang, på få timar, er ein lang, kjøleg vår brått blitt sommar
Gulbleike gressmyrer, gråskimrande bjørkelegger. Storneset ved Tustervatnet er spenneande for ein liten haretass som humpar på måfå rundt og nippar strå og knuppar av seljekvist. Han sett seg nedpå, men er var: Øyra vrir seg, nasen like eins, værhåra strittar. Instinktet seier: Pass på!
Men så blir den vesle kroppen så roleg som han aldri har tenkt på nokon fare. Berre mat.
Heilt til det knest i ein kvist som brytst. Da er han i spranget, i hoppande tan, siksak mellom bjørkeleggene og brått søkk vekk. Eit interessant møte. Kor lenge får han leva, denne karen, tru?
I djupe granskogen under Stabbforsflåget høyrest ein trommevirvel. Råsnare hakk mot ein trelegg. Korte arbeidsøkter på eit par-tre sekund. Pause. Der sit ein hakkespett langt oppe i grana. Etter ein hakkevirvel skakar han på hovudet. Er det noko liv inni der? Mat innom barken? Han må prøva meir, og durar på. Gong etter gong. Han er såpass opptatt med dette at han ikkje ansar besøket. Ikkje før rørslene til fotografen blir for tydelege. Da er han kjapt på vengene, og borte.
Sola glimar varmt der i sørhellinga, ned fururabbane ein stad ute på Hemneshalvøya. Brått fyk det opp ein stor fugl, med baksande venger, slepp seg ut og nedover i ein sving og er ute av syne. Men eit blikk under busken der den kom i frå gjer det klart at her er heimen. Røya har lagt sine 9-10 egg som ho vermer på. No vart det eit avbrot. Men ho er ikkje langt unna. No gjeld det å få eit bilete, og koma seg vidare, så mora får koma heim til dei enno uklekte ungane. Som så ofte blir spørsmålet: Kor mange vil overleva denne sommaren? Kor mange blir mat for rev eller rovfugl, kor mange får ein haglskur i seg til hausten?