På Fjesboka dukka det i fjor sommar opp ein del interesse om denne hola ved Tustervatnet. Kva er det for ei grotte, og kva kan ha skjedd der?
Dagfinn Tustervatn har vaksi opp med kunnskap om grotta, som ligg i eit dalsøkk skrått nedover frå Gåsvatnet på Lifjellet. Her er nok mange grotter og holrom, for vatnet har avløp i botnen, og elva kjem ut i dagen eit stykke nedanfor hola som no blir kalla Tjyvhålo.
— Vi kjente til også denne grotta, og var innom gong om annan. Her var spor etter folk, mellom anna bålrestar, men det kunne no vera heller nytt. Men det gjekk som ei historie at nokre tjuvfolk skulle ha haldi til her, for lenge sidan.
Finnelensmannen
Nils Ingebrigtson frå Storneset hadde ein av Tustervassgardane frå rundt 1820. Han vart utnemnt til «finnelensmann», ei stilling han hadde til 1840. Det hadde seg slik at samane heldt ein viss sjøljustis på kva som gjekk føre seg av rett og gale i sitt område, men den norske staten ville ha det overordna ansvaret. Alt skulle rapporterast til denne ansvarspersonen. På garden til lensmannen vart det også ordna ei bygning; ein arrest til ha fanger i.
— Bestefar min fortalde noko han hadde frå sin bestefar. Det var om to tjuvsamar som drog omkring her og stal frå andre samar, slikt som mat, klede og utstyr dei hadde gjømt unna når dei var på vandring med reinflokkane. Ein etterjulsvinter fekk lensmannen her nyss om tjuveri på austsida av Røsvatnet. Og her hadde nok dei to gjerningsmennene hatt uhell med snøfallet, for spora etter dei kunne lesast heilt fram til ei løe straks nord for garden her. Lensmannen med hjelpar gjekk fram til løa og bad dei koma ut, han visste dei var der. Ingenting skjedde, så den gode Nils Lensmann fann anna råd. « Da skyt vi inn i høyet, så får vi sjå korleis det går!» Straks kom da fram to karar, som vart tekne hand om.
Bein i hola
Dagfinn fortel vidare at det ein gong på tidleg på 1990-talet kom folk frå Rana museum i lag med granskarar frå Sørsamisk senter på Snåsa. Dei ville sjå om det fanst restar i hola som kunne tyda på busetnad der.
— Eg var med dei som kjentmann, og i tillegg til treverk grov dei fram atskillig beinrestar. Mykje var kløyvne bein, som tyder på koking av mergbein. Framleis ligg dette gjømt i hola, og er vel på eitt vis freda. For det kan vera eit samisk minne, som etter lova dermed er freda når hundre år er gått.
Frå anna hald er det opplysningar om to tjuvsamar, den eine kalla Per Thomsæ , som i det nemnte tidsrommet skal ha farta rundt i distriktet her. Ei hole i Grøndalen opp mot Oksfjell-elva har namnet «Perthomsa-høla». Det er ikkje usannsynleg at det var nettopp desse to karane som også hadde tilhald i Tjyvhålo.
Ei lang, djup grotte
Ytste delen av grotta er høveleg stor til å kunna bu i, men Dagfinn har vori med lenger inn. Sjøl om det først er trongt, utvidar det seg til ein stor hall der inne, og i enden der renn ein bekk, nesten som ei tjønn. Far hans Dagfinn hadde fiska røyr der, fortel han.
Bustadrommet var nok heller ugjestmildt å vera i over lengre tidsrom, da her kom fukt innanfrå, og kjølda er der sommar som vinter. Likevel, om ein fekk inn noko tørt myrhøy, hadde nokre reinskinn og klede ellers, ville ein vel med å fyra eit bål kunna halda seg så høveleg varm, sjøl i kalde vinternetter.
Kilder: Storjorden, historiske notatar frå området Røsvatn,