Nyleg stilte vi klokka igjen, og atter ein gong vart vi døgnville og forvirra og lurte på kva tid på dagen det eigentleg er. Heldigvis har vi stadnamn å orientere oss etter. Eller?
Den kjende språkforskaren Rolf Theil skriv i ei språkbok for lærarstudentar, «Språk i skolen» at han har gjennomført ei undersøking med studentane sine der han bad dei om seie kva tid morgonen begynner, kva tid føremiddagen begynner, og når ettermiddagen startar. Variasjonen mellom svara var enorm, skriv han, og det trur eg så gjerne. Sjølv veit eg aldri når eg kan vente gjestar når dei seier at dei skal komme om ettermiddagen. Det kjem an på gjesten, det. Ei brukar då å komme rett etter tolv på dagen, andre i fire-femtida, og atter andre igjen let det bli dagsrevytid, altså klokka 19 før dei dukkar opp. Då synest eg sjølv det er kveld, men det forholdet til tid fekk eg først etter at eg vart småbarnsmor, og meir eller mindre friviljug begynte å stå opp klokka halv seks om morgonen (det som før var natt).
Ord for måltid
Forvirra? Betre blir det ikkje når vi trekkjer inn gamle omgrep for inndelinga av døgnet. Åbit, dugurd, non, lyder det kjend? Er det noko de enno brukar? Eg hugsar då eg arbeidde på butikken, då var det ein kunde, ein bonde, som brukte å kjøpe mange eksemplar av ein spesiell sjokolade. Det var det einaste han greidde å ete tidleg om morgonen før han skulle i fjøsen. Men der trong han energi, så då vart det denne sjokoladen, då. Det er eit typisk døme på åbit, det første lette måltidet ein brukar før første arbeidsøkt. Det er samansett av det norrøne «ár» som tyder tidleg og «bit» , som jo er det same som munnfull. Andre stader i landet, til dømes i grensetraktene mellom Møre og Trøndelag, var åbit måltidet mellom frukost og middag.
Dugurd kjem av norrønt dagverðr eller d?gurðr, her i strøket vart det til durmål, altså dugurdmåltidet, det som vi i dag kanskje ville kalle ein tidleg lunsj. Når det var, kom an på kor ein var i landet, og i kva heim ein heldt til. Nokre stader var det i nitida, andre stader etter elleve.
Non var opphavleg ei katolsk messetid. Ordet kjem av det latinske «nona hora», som tydde niande time, rekna frå klokka 6. Det skulle då bli eksakt klokka 15, men så enkelt er det ikkje. Etter at omgrepet vart lansert og teken i bruk i bygdene her til lands, vart det litt variabelt kva tid som eigentleg var non. Sørpå var det i to-tretida, her nord var det meir i fire-femtida, heiter det i Norsk Ordbok.
Nonshaugen
Eg lova i ingressen at eg skulle blande inn stadnamn her òg. Kva er det med desse stadnamna? Det er for eksempel det at dei på ein så fin måte fortel noko om dagleglivet og er til hjelp for å orientere oss i landskapet. Iallfall er det det siste som er litt av målet, sjølv om det krev at ein sit med same kunnskapen og med dei same føresetnadene og ståstaden til namnelagaren, han eller ho som første gong la namn på det geografiske området.
Ta no til dømes Nonshaugen: Søkjer ein på stadnamnet Nonshaugen i Statens kartverk sin søkjeteneste på Internett; Norgeskart, får ein opp 212 treff! Mellom anna i Bindal, Vågan og Bodø , der dei er adresser. Eg tenkjer at ikkje berre har non vore eit viktig måltid. Det har òg vore viktig for folk som ikkje hadde råd til klokke å vite at når sola står rett over den haugen, er maten klar.
Den spesielle Nonshaugen eg tenkte på, er sjølvsagt den som er nærmast meg her eg sit, nemleg Nonshaugen i Lifjellet i Bleikvasslia. Mange stader er Nonshaugen namnet på eit fjell. Her som vi har så godt med fjell, blir «appellativet» ås bruka som forklaring hos kartverket på kva det er snakk om her hos oss. Som om ikkje haug er eit bra nok ord i seg sjølv, eller «håg» som vi no seier her – og med lenisering (tilmjuking) av konsonanten «g» i bunden form, altså «håjen».
Sola står ikkje rett over Nonshaugen i Lifjellet ved nonstid for alle. For det første har vi ikkje heilt klart for oss når non eigentleg er ? det er som sagt subjektivt. Og skulle ein bli einig om eit klokkeslett, så får ein gå og leite i Bleikvasslia etter den garden ein må ha som standpunkt for å sjå at sola er rett over Nonshaugen ved non.
Konklusjonene er altså: Javisst er stadnamn fine å ha å orientere seg etter, viss ein berre er på rett stad til rett tid. Alt er relativt.