Førre gong starta vi med å røkje etter stadnamna Bryggfjellet og Bryggfjelldalen, men vi kom ikkje i hamn. Det spørst om vi gjer det no.
Snakk med ein gammalstøyt
Eg tok ein tur til Idar Brygfjeld frå Vollen, som no høyrer under Heimigarden i Bryggfjelldalen. Han bor på eldreboligen i Bleikvasslia og er stjerneeksempelet på ein mønsterinformant. Han er 86 år, vaksen opp i området og snakkar dialekten. Vi hadde ein triveleg prat om namn, folk og historie. Først stilte eg det mest opplagte spørsmålet:
– Veit du kva som meinast med dette «brygg» i bryggfjellnamnet?
– Nei, veit du, eg har ikkje høyrt om noka forklaring. Det var ikkje noko vi tenkte på å diskutere.
— Nokon meiner det kan komme av «brak». Sjølv er eg litt skeptisk til det når ein tenkjer på allmenn lydutvikling, men kva trur du om det?
–Det synest eg òg er underleg. Korleis kan brak bli til brygg? Nei?
Eg la ut om den elvenamnteorien eg skreiv om i førre nummer, og bad Idar fortelje litt om vassfara i Bryggfjelldalen.
— Er det nokre elvar og bekkar som putrar og «kokar», slik at ein eventuelt kan forsvare teorien om ei opphavleg Bryggelv?
–Slegdelva er no berre ein bekk som slett ikkje putrar, men Bjuråga ? der er det ein del putring. Ved Heimigarden går elva gjennom jorda. Der i høla ved jordbrua er det mykje putring.
I ei tenkt verd kan ein altså sjå føre seg at elva kan ha hatt eit anna namn før det oppsiktsvekkjande skjedde at her kom ein beverkoloni som gjorde at elva berre måtte bytte namn til Bjuråga. Det skjer nemleg frå tid til anna at lokalitetar endrar namn naturleg, og ikkje berre på den kunstige måten gjennom kommunevedtak. Men at dette har skjedd i Bryggfjellet kan vi ikkje vere sikre på. Då måtte vi ha hatt ei tidsmaskin, medan eg må klare meg med ein tekokar. Likevel: Vi må prøve ut alle teoriar.
Enn samisk då?
I lærebøker brukar ein gjerne å slenge på eit kapittel heilt til sist om kvinner og om samar, medan resten handlar om norske menn. Slik blir det her òg, berre at kvinnene utgår. No har vi snakka om norrøne ord som kan vere opphavet til namnet. Er det ikkje like sannsynleg at det kan vere samisk? I vårt distrikt har norsk og sørsamisk språk levd side om side, og ein har lånt namneledd frå kvarandre. Innmed Røssvatnet kan ein kanskje tru at det er bestefar si dør som har gjeve namn til Bessedør, men det er vel meir opplagt at det er eit sørsamisk namn.
Kan «brygg» vere samisk? Når eg slår opp i mi sørsamiske ordbok finn eg ingen ord som begynner med «bry» eller « bri», berre ord som startar med «bro», og den lydutviklinga trur eg ikkje har skjedd. O blir sjeldan i eller y, uansett språk. Men no har eg langt frå same utdanning i samisk som eg har i norrønt, og har derfor ikkje rett til å uttale meg på så tynt grunnlag. Derfor må eg fri til dei sørsamiskkunnige av lesarane: er det sannsynleg at «brygg» kan vere samisk, og kva tyder det i såfall?
Når ein først har ein lokalkjend informant for handa, må ein jo òg spørje om den samiske historia, og Idar fortel villig vekk.
–Det hende dei slakta reinar i Inderdalen, og det har vore rein i fjellet, men samane har vel aldri vore så bofaste i dalen at dei har sett spor etter seg gjennom stadnamna her, tenkjer eg.
Personnamn
Mange geografiske lokalitetar har namn etter personar. Når noko spesielt har hendt ein person, at han har gått seg ned i isen, bodd i ei hole eller under ein hellar og så vidare, har det lett for feste seg i historia gjennom oppkalling. Derfor har vi namn som Klemethellaren, Per Tomsa-hola, Maritpallen med meir. Kan her ha vore ein Brikt eller Brigt som det har skjedd noko med her i fjellet? Slik at det vart til Brigtfjellet, seinare avslepe til Bryggfjellet? Usannsynleg er det vel ikkje. At «i» blir til «y» er ei vanleg lydutvikling, og at ein «t» forsvinn i konsonantsamansetjingar er òg vanleg. Men om Brigt har vore eit kjend og vanleg namn då fjellet fekk sitt namn, det kan eg ikkje svare på. Namneforskaren Oluf Rygh enda ofte med «mannsnamnteorien» når han ikkje fann ei anna forklaring på eit namn.
Konklusjon
No har eg drukke fleire koppar Rooiboste for å klarne hjernen, og eg har lansert fleire teoriar som eg har prøvd å etterprøve for å finne svaret på gåta «kva tyder namnet Bryggfjelldalen?». Eit bittelite steg vidare er eg kommen: Eg trur ikkje det har noko med «brak» å gjere, på grunn av lydutviklinga.
Eg hadde ein teori om at Bryggfjellet skal ha hatt ei «bryggelv» i namnet opphavleg. Kan det finnast fleire slike elver her til lands? Jau, ifølgje kartverket finst det ei «bryggelv» både i Gulen og i Alta. Begge er karakterisert som bekkar. Bryggfjellet (med både ein og to g-ar), finst berre i Hemnes, og dei einaste to gardane med det namnet finst her, den eine i Bryggfjelldalen, den andre i Leirskarddalen. Og som Idar så treffande poengterer:
–Kanskje der er ei elv i Leirskarddalen som fjellet har fått namn etter?
Det kan kanskje hende. Det får bli opp til lesarane å forfølgje vidare. Eg for min del får konkludere med at det er løyeleg å teste ut forskjellige teoriar om gamle namn, men å spikre fast ei forklaring ein gong for alle, det skal ein vere varsam med. Så eg får slå fast som eg ofte gjer: Eg veit ikkje. Sak uoppklart.