Kva tyder eigentleg «brygg» i Bryg(g)fjellet og Bryg(g)fjelldalen? Nokon seier at det kjem av «brak» fordi det braka sånn i fjellet. Stemmer det? undrar ein lesar.
Namnegransking er ikkje nokon eksakt vitskap der ein kan leggje i hop to og to og få fire. Svaret kan like gjerne bli fem eller tre. Av og til kjenner eg meg som Mma Ramotswe i Damenes detektivbyrå nr. 1 ? eg lyt berre koke meg litt Rooiboste, samle i hop alle leietrådar, spa opp prov og bruke ein dose kvinneleg kløkt for å prøve å løyse ei sak, og det er det eg har tenkt å gjere no.
Skriftlege kjelder
Står namnet i Norsk stadnamnleksikon? Standardverket for namneinteresserte, redigert av namneforskarane Jørn Sandnes og Ola Stemshaug, har 6000 oppslagsord. Alle poststadene i landet er med, og ei rekkje andre stader, men dessverre ikkje Bryggfjelldalen. Ein kan slå opp på andre namn med same føreleddet, til dømes Bryggja i Bremanger og Bryggerhaug i Tranøy, men begge har tydinga brygge som i landgang, og overfører ein denne tydinga til Bryggfjellet vårt blir det mildt sagt litt søkt. Vel har havet i si tid vore høgare, men at det skal vere ei brygge som er opphavet til fjellnamnet har eg lita tru for. Vanskelegare å utelate er tydinga til Bryggesåk i Vest-Agder. Førsteleddet her er det same som i Briksdalen i Sogn (lydutviklinga i>y og omvendt er vanleg.)Det kan komme av mannsnamnet Birgir eller Byrgir, eller det gammalnorske «byrgi» som tyder «innelukke, inngjerding».
Så vidt eg veit var det i 1667 første gongen Bryggfjelldalen vart nemnt skriftleg, som Bryggefielddahl, altså ikkje med nokon «a» i førsteleddet. Heller ikkje seinare har det vore stava med nokon a, det eg kjenner til. 20 år tidlegare er første gongen garden «Brygefield» er nemnd i skrift, og i 1687 vart «Lille Brygefieldall» nemnt. I følgje Hemnnes gård og slekt er «opprinnelsen til navnet på fjellet ikkje kjent».
Namnet er ikkje ført opp i Aslak Bolts jordebok frå 1430-åra, som inneheld jordegodset som låg under erkebiskopen i Nidaros, herimellom fleire frå distriktet , som t.d. Hauknes, Dilkestad, Hemnes og Kleiva, men altså ikkje Bryggfjelldalen. Om ikkje bosettinga her er frå mellomalderen, kan likevel namnet vere noko eldre.
Språkkunnskap
Kan namnet komme av «brak»? Lydutviklinga i språket vårt gjer at denne hypotesen er vanskeleg å tru på. At ein a skal ha vorte til y i uttalen i løpet av århundra, er ikkje særleg sannsynleg.
Denne forklaringa er nok eit døme på det ein kallar «folkeetymologi». Vi menneske har ein trong til å søkje forklaringar på ting, og finn gjerne samanhengar der dei ikkje finst for å få ting til å gå opp. Når ein ikkje heilt kjenner opphavet til eit namn, har ein lett for å finne ei forklaring som ein trur kan gje meining. Mannen min kjem frå ein plass i Rana som heiter Kjelen. I familien der trudde dei lenge at det kanskje kom av det same ordet som «kjelde», sidan der er nokre kjelder på garden. Likevel var det som om puslespelbiten ikkje gjekk heilt på plass utan å bruke makt, for å bruke ein metafor. Då sonen på garden begynte å studere norrønt og lese gamle namneverk, fann han ut at det var eit norrønt ord som heitte «hjellir», det er det some ordet som er vorte til «hylle» i moderne norsk. Ei parallell lydutvikling er at «hj» blir til «kj». Det gjev meining med topografien ? Kjelen er ein typisk hyllegard oppi fjellsida.
Men tilbake til Bryggfjellet og relasjonsnamnet Bryggfjelldalen. Bryggfjellet fekk namnet først, dalen ekk sidan namn av fjellet. Brygg kan då vel komme av verbet «bryggja», altså som i å brygge øl? Kanskje har ein bryggja øl oppi fjellet? Hm, njæi, tja, vil eg då seie. Har det vori så viktig ein aktivitet at eit fjell har fått namn av det? Ja, definitivt, det fanst ei tid då folk fekk bot om dei ikkje bryggja øl til jul. Det påla nemleg Gulatingslova.
Men måtte ein opp i fjellet for å bryggje øl? Neppe, elva rann då lenger ned og sørgja for vatn til ølbrygging lenger ned der ein dreiv jordbruk. Og no er vi inne på noko : Elva. Kan ho ha noko med saka å gjere?
Oluf Rygh, han som etablerte namnegranskinga her til lands, er særleg kjend for det store mønsterverket Norske Gaardenavne (17 bind utgjeve frå 1897-1924). Han meinte at elvene var så viktige for levekåra til folk at det gjerne var desse som først fekk namn, sidan fjella, dalane og gardane. Kan det ha vore slik at elva som renn ned frå Bryggfjellet heitte Bryggelva? Nei, det stemmer då ikkje, ho heiter jo Bjuråga (=Beverelva).
Men kanskje har elva i tidlegare tider heitt det, iallfall lenger opp? Godtar ein ein slik tanke ? kvifor heiter det då ikkje Bryggelvfjellet og Bryggelvfjelldalen? Då har vi i så fall å gjere med eit språkleg fenomen som heiter «ellipse» – utelating av eit ledd. Det same har vi her i Bleikvasslia. Det logiske ville ha vore at lia hadde fått namn etter elva som renn nedanfor ho, ikkje frå vatnet som ligg mykje lenger unna. Det er derfor nærliggjande å tru at bygdenamnet her opphavleg har vore Bleikvasselvlia, men det får jo vere måte på kor mange namneledd ein skal orke å uttale på rad, derfor har ein på eit tidspunkt kutta ut elva.
Men kva har «bryggja» med elv å gjere? Her må vi gå til topografien og sjå oss om.
Topografi
Veldig mange elver har namn etter korleis dei oppfører seg . Som døme kan eg nemne at Ivar Aasen sin teori om namnet Røssåga er at «røss» kan komme av «rysja» som tyder «å drysse, strømme ned», og skal såleis ha noko med måten vatnen renn på. Ranelva kjem av norrønt «ra?und» av hra?r, «rask» (Skrivemåten «ra?und» er mellom anna bruka i Aslak Bolts jordebok.).
Korleis oppfører Bjuråga seg lenger opp? Er ho putrande, kokande, som ein kan vente av ei elv med påstått opphavleg tyding «å brygge»? Og korleis er landskapet elles? Kva andre elver (og bekkar) finst det i området? Kan det vere ei av dei som er opphavet til namnet?
Hm, her må vi snakke med dei som verkeleg veit noko om saka, nemleg dei lokale gammalstøytane. Kanskje veit dei noko om forklaringa på namnet òg? Og kan det vere at vi skal innom eit anna språk enn norsk? I neste utgåve av språkspalta brygger eg meg nok ei kanne med Rooiboste og held fram med etterforskinga av namna Bryggfjellet og Bryggfjelldalen.