Tett før påske var elevar ved Polarsirkelen vgs på vintertur. Anette Kyllingmo frå Korgen gjekk først.
Anette har vi møtt før, den gong ho gjekk andre året ved Arktisk universitet Alta og hadde tilhald på Svalbard. No er ho i tredje året, og har hatt praksis ved Mjølan. Her fekk ho i oppdrag å leda ei friluftsgruppe saman med den kjende eventyrar og forfattar Stein P. Åsheim.
Barsk tur
Tre dagar i vinterfjellet kan vera ei utfordring for dei fleste. Om vergudane i tillegg vartar opp med alt frå minusgrader til haugevis med blautsnø, blir det ikkje lettare. Dette fekk elevane merka, da dei skulle nå leirplassen på nordsida av Andfiskvatnet i Rana. Tre hundre meter ned vart ei påkjenning i seg sjøl. Så kom jobben med å få opp telt og grava snøhuler.
– Her var dei fleste godt utslitne, men vi heldt humøret oppe, fortel Anette Kyllingmo.
– No har dei i alle fall nokre sjølopplevde historier å fortella!
Med Gull-Tom og Stein P.
Anette hadde også friluftsliv som valgfag da ho gjekk videregåande på Mo. Den gongen med kombinertkongen Tom Sandberg som faglærar.
– Eg sette stor pris på det han lærte oss, og for den fine måten han gjorde det på. No er det ei glede for meg å ha han med som turledar, saman med han Stein P. , som er sjølvaste «guruen» i slikt ekspedisjonsarta friluftsliv som dette.
Åsheim hadde denne kommentaren til Anette sine ledareigenskapar:
– Ho er så naturleg dyktig, ei friluftsjente som greier seg fint i nærsagt eit kvart høve. Her var det kulde, snøver, klabb, nokre mindre uhell og eit krevande terreng. Anette kom vel frå det som ledar.
Det ho fekk vist her, kan ikkje lærast og visast i eit klasserom.
Skriving og turisme
I tida framover no skal Anette gjera ferdig bachelor-oppgaven sin. Det skal handla om noko så uvant som isfiske som friluftslivsaktivitet i barnehagane!
Ellers er ho no med i styret for Hemnes turistforening, og skal ha bookingansvar for Rabothytta.
Berre det vil nok kreva atskillige arbeidstimar.