Konserten med Ingvild Koksvik var årets litterære arrangement på Hemnesjazz.
Koksvik og musikarane Lars Jakob Rudjord (tangentar), Sigrun Eng (cello) og Nils Økland (fiolin og hardingfele) presenterte (med eitt unnatak) stoff frå plata Nattåpent som kom tidlegare i år. Alle melodiane har tekst av lyrikaren Rolf Jacobsen, og Nattåpent er òg tittelen på Jacobsens siste diktsamling (1985).
Den stillferdige musikken gjev tekstane til Jacobsen mykje rom. Dikta som Koksvik har valt å setje musikk til er melankolske og undrande. Dei inviterer til ettertanke. Både den glassklare røysta til Koksvik og musikken er med på å byggje opp under dette. Det er litteraturformidling av høg klasse. Dikta til Jacobsen er fyllt av store kontrastar og spenn. Her kan vere plass til både dei store, kosmiske samanhengane og til dei heilt nære tinga berre i løpet av nokre liner. Eit lite sitat frå diktet ”Røk stjerner” kan illustrere det: ”Høst og en hånd i min. Natt og et spor av røk. Ser du hvor høyt Karlsvognen står. Kan stjerner brenne.” ”Røk stjerner” er svært vakkert formidla av Koksvik og bandet. Ankepunkta mine er knytt til at kontrastane i musikken, men kanskje særleg i songen til Koksvik, ikkje er store nok til å kle tekstane fullt ut. Nokre fleire brot, i tempi og måten å synge på til dømes, kunne understreka den store dramatikken som ligg i dikta til Jacobsen. Men prosjektet til Koksvik er heilt klart å fokusere på eit særleg aspekt ved Jacobsens dikting, og då blir det urimeleg å ønskje seg noko anna.
Nils Økland speler både hardingfele og fiolin. Hardingfela er særleg viktig i ”Dedikasjon”. Her er både song og musikk tydeleg forankra i folkemusikken. Opningsnummeret, ”Bare tynne nåler”, ”Nord”, ”Kjente jeg deg” og avsluttingsnummeret ”Ildfluene” står for underteikna som konsertens fire høgdepunkt.