Den fjerde boka frå hemnesværingen Svein Hammer er ein spennande diskusjon av samfunnsutviklinga i Noreg i lys av sosialdemokrati og nyliberalisme.
Undertittelen lovar eit nokså stort historisk perspektiv (1814-2020), men det er strengt teke mellomkrigstida som er startpunktet for Hammers framstilling. Han poengterer sjølv at boka ikkje er ei historiebok i vanleg forstand, men ein freistnad på å forstå samtida ved å følgje nokre heilt bestemte liner, nemleg utviklinga av sosialdemokratisk og nyliberalistisk styringsteknologi. Det teoretiske utgangspunktet til Hammer er igjen særleg å finne hos den franske filosofen og sosiologen Michel Foucault, og denne gongen er det særleg omgrepet styringsteknologi som er navet i framstillinga. Styringsteknologiar er ulike sett med teknikkar som blir anvendt for å styre eit samfunn, som til dømes lovverk, prosedyrar, strategiar og ikkje minst forteljingar (forteljinga om det nasjonale, og marknadens rasjonalitet og liknande). Ulike styringsteknologiar har ulike konsekvensar for korleis ein forstår og utøver makt, korleis ein forstår tilhøvet mellom dei som styrer og dei som blir styrte, og korleis ein forstår seg sjølv som deltakar i eit samfunn.
Hammers tese er kort sagt at det norske samfunnet frå 1930-talet av er forma av to særs ulike måtar å styre på. Dei første tiåra etter andre verdskrigen var dominert av sosialdemokratiets styringsteknologi. Denne styringsteknologien får hos Hammer ofte merkelappen paternalistisk, ettersom han var (er) prega av direkte styring ovanfrå ved hjelp av ekspertise og vitskapeleg rasjonalitet (til dømes statistisk analyse) og målretta, planmessig samfunnsutvikling. Hammer brukar omgrepet òg omgrepet sosial ingeniørkunst.
Den sosialdemokratiske styringsteknologien var temmeleg einerådande fram til 1970-talet. Ein viktig føresetnad for arbeidarrørslas suksess i Noreg var at rørsla etter krigen klarte å erobre forteljinga om den nasjonale fellesskapen. Den sterke internasjonale orienteringa i den tidlege arbeidarrørsla vart neddempa, og forteljinga om den nasjonale fellesskapen vart styrkt og vove saman med forteljinga om arbeidarrørsla.
Hammer viser vidare korleis sosialdemokratisk styringskunst for alvor møter motstand mot slutten av 1970-talet, og korleis nyliberalistiske grep gradvis får større rom, også i AP. Hammers analyse av nyliberalistisk styringskunst viser tydeleg korleis nyliberalisme på ingen måte handlar om frislepp og mangel på styring. Nyliberalisme handlar òg om styring, men det er styring med andre grep. Nyliberalistisk styringskunst handlar ikkje om planmessig sosial ingeniørkunst, men om å på best mogleg måte leggje til rette for at marknadskreftene kan fungere så godt som mogleg i samfunnet som heilskap. Konkret viser Hammer korleis så ulike felt som det boligpolitiske, det utdanningspolitiske og det miljøpolitiske feltet har gjennomgått det han kallar for ein nyliberalistisk transformasjon.
Medan sosialdemokratisk styringsteknologi blir godt analysert, men likevel enkelt parkert som paternalistisk, er kritikken av nyliberalismen noko meir vag. Kanskje skuldast dette at vi nett no står midt oppi den nyliberalistiske transformasjonen. Avstanden til sosialdemokratiets glansdagar er større, og det er derfor lettare å sjå kva det er (eller var), nyliberalismen er vanskelegare å få auge på. Men på nokre viktige punkt er kritikken av nyliberalismen likevel tydeleg. Nyliberalistisk styringskunst legg eit (for) stort press på det einskilde mennesket ettersom mennesket i nyliberalistisk utgåve skal vere «en rasjonell utøver av valgfrihet, som forventes stadig å forbedre sine resultater» (s. 301). Presset på den einskilde «tærer på mange, og bidrar til at noen, kanskje stadig flere, bukker under for det psykiske presset» (s. 303). Hammer konkluderer òg med at det no er tid for å rette analysar og kritisk blikk mot nyliberalismens konsekvensar.
Sosialdemokratisk styringskunst og nyliberalistisk er altså vidt forskjellige på mange punkt, men begge deler til dømes dogmet om at evig økonomisk vekst er naudsynt og rett, og her er vi ved begge teknologianes svakaste punkt. Bokas siste kapittel er vigd nettopp dette. Kapittelet gjev underteikna eit håp om at det kanskje kan vere noko i at vi nett no «befinner oss midt i en transformasjon» (s. 308) som på ein meir adekvat måte enn både sosialdemokratiet og nyliberalismen kan gripe dei enorme miljøutfordringane som vekstmekanismen har skapt og oppretthalde.
Hallvard Kjelen