DYPT. Svein Hammer er aktuell med ny bok. FOTO: JON ARNE JACOBSEN

Pottetrening, makt og disiplinering

BOKANMELDELSE: Mindre enn eit år etter at Fra evig vekst til grønn politikk kom ut, er hemnesværingen Svein Hammer igjen aktuell med bok. Denne gongen har han sikta seg inn på eit meir akademisk publikum, men tematikken er også no relevant for dei fleste.

Svein Hammer: Foucault og den norske barnehagen. Introduksjon til Michel Foucaults analytiske univers.
Bergen: Fagbokforlaget, 2017

Det handlar mellom anna om å forstå sentrale velferdsinstitusjonar i samfunnet, noko som både politikarar og den opplyste ålmenta burde ha interesse av.
Føremålet med boka er først og fremst å gje ei framstilling av den franske filosofen Michel Foucaults mangefasetterte tankeunivers. Vidare freistar Hammer å vise kva som skjer dersom ein analyserer barnehagen som institusjon ved hjelp av Foucaults omgrep og «blikk». Introduksjonen til Foucault avslører at forfattaren har ein inngåande kjennskap til materialet, og at han har levd med Foucault gjennom mange år. Dette gjev seg òg utslag i Hammers språk og uttrykksmåtar. Nokre stader får denne lesaren inntrykk av at grensene mellom Foucault og Hammer blir meir eller mindre utviska. Kva røyst er det eigentleg ein høyrer? For lesarar som ikkje allereie er vande med ei «foucauldiansk» dialekt, kan framstillinga i nokre parti vere vanskeleg å følgje. Såleis òg for denne lesaren, som rett nok kjenner til delar av Foucaults tankeunivers frå før. Dersom ein skal få godt utbytte av desse partia, må ein ha ei open innstilling, og ein må vere villig til å strekkje seg og til å leggje frå seg tilvande førestillingar. Fleire av omgrepa som blir presenterte, som diskurs, arkiv, dispositiv, gouvernmentality, disiplinering, makt og viten er komplekse og dynamiske omgrep. Det vil seie at dei ikkje utan vidare lèt seg definere og forklare på enkle og eintydige måtar. Omgrepa har, som forfattaren òg peiker på, ofte ulik status. Dei kan vere miniteoriar i seg sjølv, og ein må forstå dei i sin særlege samanheng. Foucaults tankar og omgrep kan altså verke abstrakte og vanskelege å gripe når dei ikkje blir presentert i ein samanheng, men Hammer viser korleis ein kan bruke Foucaults blikk til å seie noko om heilt konkrete praksisar i daglegverda. Når Hammer konkret viser korleis ein kan analysere barnehagefeltet ved hjelp av Foucault, blir det heile lettare å gripe. Dei bileta som kjem fram når ein ser på barnehagen gjennom augo til Foucault, kan vere både opplysande og av og til provokative.
Grunnleggjande spørsmål som ein kan stille i eit Foucault-perspektiv, handlar ikkje først og fremst om korleis ting er, men korleis dei blir til. Analyseposisjonen er altså særleg god når ein vil undersøke sosiale og historiske prosessar. Når ein spør om kvifor barnehagen er organisert slik som han er, må ein undersøke dette diakront, altså historisk. Hammer viser korleis ein kan bruke Foucaults tankar til å stille spørsmål på ulike nivå innanfor barnehagefeltet. Foucault kan vere nyttig for å forstå korleis barnehagen utviklar seg i ei bestemt retning, korleis ulike posisjonar og diskursar konkurrerer om å definere korleis verda ser ut. Kva er kvalitet i barnehagen? Skal barnehagen vere ein stad for skulske aktivitetar, for måling, testing og utsiling? Skal barnehagen vere ein plass for leik, for oppdraging eller for danning? Kva er i så fall skilnaden? Kor kjem dei ulike førestillingane om kva barnehagen skal vere frå, korleis får dei «fotfeste», og på kva måte er dei ulike førstillingane med på å forme røyndommen, praksisar, språk, ja til og med arkitekturen? Korleis verkar maktrelasjonar i barnehagefeltet, ikkje berre som «undertrykkende og restriktive», men og som skapar av «sosial virkelighet»? (s. 177) Hammer viser til ei Foucaultinspirert undersøking av korleis heilt konkrete praksisar i barnehagen, som til dømes pottetrening, kan diskuterast og problematiserast i lys av Foucault. Prosedyrane rundt pottetreninga har endra seg historisk, og ein kan forstå dei i lys av omgrepa makt og disiplinering, og i lys av større samfunnsmessige og ideologiske endringar. Det er som sagt nettopp når Hammer så å seie «hentar ned» Foucault, og viser korleis tankane hans kan kaste lys over og problematisere tilsynelatande «naturlege» og kvardagslege praksisar, at han lukkast best.
Foucault og den norske barnehagen var ei krevjande bok for denne lesaren, men ho gav meg samstundes nye idear og nye perspektiv, og sjølv om eg nok aldri kjem inn under huda på Foucault på same måte som Hammer, fekk eg likevel ein noko større innsikt i kva Foucaults tankar kan brukast til. Det viktigaste som denne boka peiker på, er at «det sjølvsagte» eller «det naturlege» også er resultat av historiske prosessar, av språk og diskursar. Røyndommen er ikkje, han blir til. Det må ein vel kalle ein grunnleggjande demokratisk tanke?

. FOTO:
Les mer om: #Samfunn
HILSNINGER
Erlend Korsnes Ervik og Mia Rødli Oksfjellelv
! Erlend Korsnes Ervik og Mia Rødli Oksfjellelv
Liam Leander Nygård
2 År! Liam Leander Nygård
Pauline Oksfjellelv Storvik
8 år! Pauline Oksfjellelv Storvik
Samuel Solhaug Jørgensen
10! Samuel Solhaug Jørgensen
Marie Johanne Nilssen
5! Marie Johanne Nilssen
FOTOSERIER
Full fres
Halloween
Lokaloppgjør: Korgen-Hemnes
Kos og hygge under Hemnesjazz 2018
Hemnesjazz 2018 - diverse
Konserten i Hundneset med Halvard Kjelen & Snorre Sivertsen
Hemnesjazz 2018 - Hundneset
Torsdag og festivalstart
Hemnesjazz 2018

ANSVARLIG REDAKTØR:
KNUT MARTINSEN
TLF: 977 97 333

TIPS OSS:
TIPS@AVISAHEMNES.NO
TLF: 977 97 333

WEBDESIGN:
WWW.DAESIGN.no
TLF: 970 35 284

Avisa Hemnes arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Avisa Hemnes har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet.

© 2015 Avisa Hemnes AS